Pårørandekonferansen 2026 – Når ansvar møter motstand

 - Ein digital konferanse for pårørande og fagpersonane som arbeider med pårørande.Kven tek vare på dei som tek vare på andre?

Det spørsmålet står sentralt når Sykkylven Frivilligsentral og Sykkylven kommune inviterer innbyggjarane til felles visning på storskjerm av Pårørandekonferansen 2026 onsdag 23. september.
Konferansen ser nærare på korleis vi kan møte motstanden mellom nasjonale løysingar og kommunale realitetar, mellom behov og ressursar – og mellom fag- og pårøranderolla. Når alt kjem til alt, er ansvaret for dei som treng oss, eit ansvar vi må bere i lag og møte med felles innsats.

Gjennom dagen blir konferansen vist digitalt i fire temabolkar. Du bestemmer sjølv om du vil delta heile dagen, eller berre ved enkelte visningar. 

Del 1 – frå kl. 10.00:
Samfunnet: Ansvar og motstand

Her får vi mellom anna høyre om regjeringa sin nye Demensplan og forskingsprosjektet «Når omsorg blir ei byrde – pårørande på rusfeltet».

Del 2 – frå kl. 11.00:
Arbeidslivet: Ansvar og motstand

Korleis kan vi finne ein god balanse mellom jobb og omsorg? Vi får høyre om erfaringar frå pårørande og om samarbeid mellom pårørande og tenesteytarane.

Del 3 – frå kl. 12.45:
Familien: Ansvar og motstand

Her får vi møte sterke historier og erfaringar frå familiar og fagfolk om psykisk helse, barn som pårørande, håp og korleis vi kan møte motstand og ansvar når ein som står oss nær blir sjuk.

Del 4 – frå kl. 13.45:
Nytt og nyttig frå heile landet

Vi får høyre om nye modellar og konkrete erfaringar som kan styrkje pårørandearbeidet – frå betre ivaretaking av pårørande til kritisk sjuke til korleis pårørande kan få større innverknad på helse- og omsorgstenestene.

Velkomen til ein viktig og aktuell dag om pårøranderolla!

Felles visning av pårørandekonferansen gir høve til å sjå konferansen i lag, dele erfaringar og reflektere over korleis vi lokalt kan møte pårørande på ein god måte.

Dette blir ein dag for refleksjon, erfaringsdeling og ny kunnskap – og for å sjå pårørande som ein viktig del av laget rundt mennesket.

Gjennom heile dagen vil representantar og fagpersonar frå Helse og omsorg og Barn, unge og familie i Sykkylven kommune vere saman med oss.

Påmelding

Der vil bli moglegheiter for å kjøpe seg lunsj, og vi treng derfor ei ca oversikt over kor mange vi blir. 

Tid og sted

Onsdag 23. september 2026
Kl. 10.00–14.30
Sykkylven Frivilligsentral
Felles visning på storskjerm -
Sjå nærmare program her!

Kontakt

Torill Velle
Dagleg leiar frivilligsentralen

Sensitive personopplysningar må ikkje sendast pr. e-post