Sirkulære løysingar i praksis - studentprosjekt i SykkylvenDenne sommaren jobbar to NTNU-studentar med å kartlegge plastavfall og materialstraumar i Sykkylven kommune. Målet er å finne meir sirkulære og berekraftige løysingar for avfallshandtering - både lokalt og nasjonalt. Publisert 19.06.2025 15.02 Sist endra 19.06.2025 15.02 Prosjektet er del av den nasjonale satsinga Sirkulær plast, eit sommarjobbinitiativ støtta av Handelens Miljøfond og gjennomført gjennom REdu-programmet.Sykkylven som sirkulær HUB Sykkylven er utpeikt som ein av åtte Sirkulære HUB’ar i fylket – eit initiativ som løftar fram kommunar med særleg potensial for betre ressursutnytting og samarbeid mellom næringsliv og offentlege aktørar i eigen region.Gjennom samarbeid med Omstillingsprogrammet i Sykkylven tek studentane for seg ei lokal problemstilling: korleis kan plast og anna avfall handterast meir effektivt og berekraftig?Mot meir sirkulær tenkingTeamet kartlegg korleis plast flyt gjennom kommunen – frå forbruk til avfall og eventuell gjenvinning. Målet er å avdekke forbetringspotensial og foreslå tiltak for meir sirkulær ressursbruk. Dette gir ikkje berre verdifull erfaring for studentane, men også ny innsikt og moglegheiter for kommunen.Prosjektet blir avslutta med ein rapport som skal delast med kommunen, REdu-nettverket og andre relevante aktørar. Forhåpninga er å bidra til meir sirkulær tenking og betre utnytting av ressursar – i Sykkylven og andre kommunar.Du kan lese meir om prosjektet på skaparglede.no