Skulebrakkene ved Aure skule til sals for kr. 1000,-

Sykkylven kommune legg skulebrakkene ved Aure skule ut for sal til kr 1000,-.

Salet er no retta mot frivillige lag og organisasjonar, samt næringsdrivande i Sykkylven kommune, som ønsker å ta bygga i bruk vidare.

Kven kan kjøpe? 

Skulebrakkene kan overtakast av: 

  • frivillige lag og organisasjonar, eller
  • verksemder som driv, eller ønsker å starte, næring i Sykkylven kommune

Dette må dokumenterast i samband med kjøpet. 

Kjøpar er sjølv ansvarleg for flytting og transport innan 5 måneder. Brakkene blir selde samla i den stand dei er.

Informasjon om brakkene 

Brakkene inneheld: 

  • 4 klasserom 
  • Toalettfasilitetar 
  • Heis til 2. etasje

Meld di interesse 

Aktørar som er interesserte må ta kontakt med Sykkylven kommune for vidare dialog.

Ta kontakt på e-post: postmottak@sykkylven.kommune.no, eller tlf. 70 24 65 00.

bilde av blå brakker - Klikk for stort biletelyseblå skulebrakker - Klikk for stort bilete