Kva er ei statsborgarseremoni?
Statsborgarseremonien er ei offisiell markering for deg som nyleg har fått norsk statsborgarskap. Seremonien blir arrangert av Statsforvaltaren og inneheld talar, kulturelle innslag og så seier vi høgt i lag truskapsløftet til Noreg. Seremonien er ei fin anledning til å feire ditt nye norske statsborgarskap i lag med familie og andre nye statsborgarar.
Kven kan delta?
Du får invitasjon dersom du:
- har fått norsk statsborgarskap mellom 1. januar 2024 og 1. mars 2025
- er 12 år eller eldre
Berre dei som får invitasjon kan delta. Seremonien er gratis og frivillig, og du kan ta med inntil to gjestar.
Invitasjon og påmelding
Invitasjonar blir sendt ut i løpet av juni. I Invitasjonen finn du informasjon om korleis du melder deg på. Vi anbefaler deg å svare så snart som mogleg etter at du har fått invitasjonen.
Tid og stad for seremonien
Seremonien blir halden søndag 24. august på Scandic Seilet hotell i Molde. Dersom du ikkje kan møte fysisk, kan du delta digitalt.