Sykkylven kommune får 700.000 kroner til bustadsosialt tiltakSykkylven kommune har fått tildelt 700.000 kroner frå Husbanken til ei utgreiing om mogleg ombygging av tidlegare Aure skule ("guleskulen") til bustadar. Tilskotet er del av ei nasjonal satsing på bustadsosiale tiltak. Publisert 02.07.2025 15.31 Sist endra 03.07.2025 10.55 Bakgrunn for tildelingaHusbanken har delt ut totalt 15,1 millionar kroner til bustadsosiale tiltak i heile landet. Målet med ordninga er å støtte utvikling av nye metodar, konsept og løysingar som kan bidra til betre bustadtilbod for personar i vanskelege livssituasjonar. Tilskotet går til kommunar, frivillige og private aktørar, samt forskings- og utdanningsinstitusjonar. Sykkylven kommune er ein av 24 prosjekt som har fått støtte gjennom Husbankens tilskotsordning i 2025. Les meir om tilskot til bustadtiltak på regjeringen.noTilskotet støttar opp under måla i Sykkylven kommune sin bustadpolitiske handlingsplan for 2023–2035, som vektlegg betre utnytting av eksisterande bygningsmasse og utvikling av bustader for sårbare grupper. Utgreiinga av Aure skule som mogleg bustadprosjekt er eit konkret steg i arbeidet med å sikre eit variert og sosialt berekraftig bustadtilbod i kommunen.Bustadpolitisk handlingsplan for 2023 - 2035 (PDF, 768 kB)Aure skule kan få nytt liv I Sykkylven skal tilskotet brukast til ei grundig utgreiing av tidlegare Aure skule, som har stått tom sidan nedlegginga. Kommunen ønsker å undersøke om bygget kan gjerast om til bustadar, og kva type bustader som kan vere aktuelle. Aure skule ligg sentralt til i Sykkylven, med nær tilgjenge til sentrum og offentlege tenester. Ei omgjering kan tilby små til mellomstore bustader med moderne standard, ikkje minst aktuelt for dei som i dag bur i eldre einebustader og ønsker lettstelte, sentrumsnære alternativ.