Sykkylven kommune ønsker utleigebustader med tilvisingsavtale

Sykkylven kommune ønsker å samarbeide med profesjonelle utbyggarar om etablering av utleigebustader gjennom tilvisingsavtalar. 

Vi har særskilt behov for bustader som er tilpassa ei eldre befolkning, men også andre bustadprosjekt er aktuelle. 

Kva er ein tilvisingsavtale? 

Ein tilvisingsavtale er ein langsiktig avtale mellom kommunen og ein profesjonell utleigar om kommunalt disponerte bustader. Avtalen gir kommunen tilvisingsrett til inntil 40% av alle utleigebustadane i 20 år. I mindre prosjekt (4 bustader eller færre) gjeld tilvisingsretten for alle bustadane. 

Dersom kommunen ikkje har behov for å nytte bustadane i ein periode, kan dei leigast ut på det opne markedet, etter gjeldande fristar i avtalen. Det er utleigar som inngår leigekontrakt direkte med leigetakar. 

Ved nybygg, ombygging eller kjøp av utleigebustadar med tilvisingsavtale, kan ein søke lån frå Husbanken til heile prosjektet. Husbanken sine kvalitetskrav samsvarar med byggeteknisk forskrift. 

Kva kommunen vektlegg i vurderinga 

Ved vurdering av aktuelle prosjekt, vil kommunen sjå særleg på følgande kriterium: 

  • Beliggenheit: Nær Sykkylven sentrum (Aure), inntil 1 km frå biblioteket 
  • Nær kollektivtilbod og sentrale tenester 
  • Aldersvennleg utforming 
  • 2- og 3- roms bustader
  • Bustad- og bomiljøkvalitet. For bustader med livsløpsstandard vil særleg storleik på bad og funksjonalitet på bad bli vektlagt, samt heis mellom etasjar. 
  • Husleigenivå 
  • Tidspunkt for ferdigstilling 
  • Plan for uteområde og fellesareal

Tilbodet må innehalde 

  • Presentasjon av utleigeselskap og firmaattest 
  • Plan- og fasadeteikningar 
  • Situasjonsplan 

All informasjon som blir sendt inn vil bli handsama konfidensielt fram til eventuell avtale er inngått. 

Søknadsprosess og kontaktinformasjon 

Utlysing av tilvisingsavtalar er ikkje underlagt regeleverket om offentlege anskaffingar. Søknadar vert vurdert fortløpande. 

Innlevering av tilbod og spørsmål kan rettast til: 

Kontaktinformasjon

Torbjørn Emblem
Kommunedirektør
E-post: torbjorn.emblem@sykkylven.kommune.no 
Telefon: 46 40 56 10

Adresse

Kyrkjevegen 62
6230 Sykkylven

E-post: postmottak@sykkylven.kommune.no 
Telefon sentralbord: 70 24 65 00