Sykkylven kommune er første kommunen på Sunnmøre som når det nasjonale målet om kommunal medfinansiering av musea. Avtalen inneber mellom anna at alle skular og barnehagar i kommunen får gratis inngang til musea.
Dette er eit viktig steg for å sikre både tilgjenge og kvalitet i kulturtilbodet, og for å ta vare på kulturarven for framtidige generasjonar.
Avtalen med Viti
Stiftinga Viti er den største kulturinstitusjonen mellom Bergen og Trondheim, med 63 tilsette. Viti er regionmuseet for Sunnmøre og har ansvar for å forvalte kulturhistorie, kunst og ikkje-materiell kulturarv på vegner av samfunnet.
Sykkylven kommune har hatt avtale med Viti dei siste fire åra. Den nye avtalen er løpande, med gjensidig oppseiingsfrist på eitt år.
Ordførar Olav Harald Ulstein er svært nøgd med avtalen.
Dette er ein stor, profesjonell organisasjon, så å vere ein del av det er veldig bra. Ser ein det frå musea sitt utgangspunkt, er det ein kjempefordel at ein kan hente kompetanse i eit større miljø. Først og fremst har ein føreseielegheit og trygge rammer, og ein veit kva ein skal forhalde seg til. For Sykkylven kommune er dette ein vinn-vinn-situasjon, seier han.
Meir informasjon om signeringa finn du på nettsida til Viti.
Ordførar Olav Harald Ulstein og Audhild Gregoriusdotter Rotevatn, administrerande direktør i Viti