Test av Nødvarsel

Onsdag 14.januar klokka 12 vert Nødvarsel på mobil og Sivilforsvaret sine varslingsanlegg testa over heile Norge i ei felles nasjonal varslingsprøve.

Om testen
Det er politiet som sender ut test av Nødvarsel på mobil. Sivilforsvaret tester samstundes tyfonane sine med signalet «Viktig melding – søk informasjon».
Varslingsprøva den 14.januar vert gjennomført over heile landet, rundt kl. 12. Det betyr at mobiltelefonar i heile landet vil vibrere og spele av eit høgt lydsignal, samstundes med at tyfonane uler.
Del gjerne informasjon om varslingsprøva med dine næraste, slik at flest mogleg er førebudd og veit at dette er ein test.

Kven får testen?
Testen går ut over mobilnettet i heile landet. Alle nyare og oppdaterte mobiltelefonar og enheter som befinn seg i Norge og som er kopla på  4G/5G kan motta testen.

På nødvarsel.no finn du meir informasjon om kva enheter som kan motta Nødvarsel.

Dersom du ikkje ønskjer å motta testen, kan du sette telefonen i flymodus eller skru den heilt av i god tid før og etter klokka 12 den 14.januar.  Lydløs, lav lyd, dempa varsling og liknande vert overstyrt og vil ikkje hindre at du får varsel.

Kvifor teste?
Nødvarsel på mobil vert testa til heile befolkninga både for å gjere befolkninga kjent med korleis det kan opplevast å få eit Nødvarsel og for å sikre av systemet fungerer som det skal.

I ein reell situasjon inneheld eit nødvarsel informasjon om kva som skjer, og kva du bør gjere for å beskytte deg sjølv.

Test av tyfonane vert gjort for å avdekke tekniske feil og for å gjere befolkninga kjend med lyden og signalet.
Signalet som vert testa under varslingsprøvene heiter «Viktig melding – søk informasjon» og består av tre seriar med tuting med eitt minutt opphald mellom seriane. Dersom du høyrer dette signalet betyr det i praksis at du skal søke informasjon. Informasjon om kva som skjer og korleis du skal forhalde deg vert gitt gjennom ulike media, t.d radio, tv, styresmaktene sine nettsider og sosiale media.
Til orientering har ikkje Sivilforsvaret tyfonar i Sykkylven kommune.

På sivilforsvaret.no finn du meir informasjon om varslingsanlegga.