Tidlegstemming til stortings- og sametingsvalet 2025

Frå 1. juli til 8. august kan du tidlegstemme dersom du ikkje har høve til å stemme i den ordinære perioden for førehandsstemming eller på sjølve valdagen

Når er den ordinære stemmeperioden? 

  • Førehandsstemming: 11. august - 5. september
  • Valdagen: 8. september 

Slik tidlegstemmer du i Sykkylven kommune

Viss du likevel må tidlegstemme kan du ta kontakt med servicetorget for å avtale tid: 

Opningstider

Servicetorget er ope måndag til fredag kl. 10.00 - 14.00. Andre tidspunkt kan avtalast. 

Husk legitimasjon 

Når du skal stemme må du ha med legitimasjon med bilde, til dømes pass, førarkort eller bankkort. 

Les meir om godkjent legitimasjon på valg.no