Tilskot ved produksjonssvikt pga. klimatiske forholdJordbruksføretak med vesentleg produksjonssvikt pga. klimatiske forhold kan søkje om tilskot for å erstatte det økonomiske tapet. Det er eit vilkår for å kunne motta tilskot at føretaket sender melding om skade til kommunen så snart skaden har oppstått eller vil kunne oppstå. Melding om skade skal gjerast elektronisk via Altinn. Dersom du har skade i fleire vekstgrupper, må det leverast melding for kvar vekstgruppe. Avlinga i skadeåret må vere mindre enn 70 prosent av gjennomsnittsavlinga for vekstgruppa for å utløse grunnlaget for tilskot. Eigenrisikoen er dermed på 30 prosent. Publisert 20.08.2026 14.43 Sist endra 20.08.2026 14.46 Søknadsfristen for ordninga er 31. oktober. Det kan søkjast tilskot for: produksjonssvikt bærproduksjonssvikt fruktproduksjonssvikt grønsakerproduksjonssvikt korn og anna frø til modningproduksjonssvikt poteterproduksjonssvikt grovfôr i føretak med husdyr produksjonssvikt grovfôr til sal Søknadsskjema OBS! Det er eigen ordning for svikt i honningproduksjonen. Meir informasjon om ordninga finn du på Landbruksdirektoratet sine nettsider.