Tilvisingsbustader - nye prosjekt på veg i Sykkylven

Sykkylven kommune jobbar aktivt med å sikre fleire bustader for innbyggarane som treng hjelp til å finne ein stad å bu. 

I samarbeid med utbyggarar og Husbanken er fleire nye prosjekt no på veg inn i sentrumsområdet.

I juni inviterte Sykkylven kommune aktuelle utbyggarar og aktørar til å melde inn bustadprosjekt som kan bli realiserte som tilvisingsbustader i samarbeid med kommunen og Husbanken. 

Prosjekta skulle vere sentrumsnære, og legge til rette for at Sykkylven kommune kan tilvise leigetakarar til 40% av bustadane, medan dei resterande 60% vert ordinære utleigebustadar på den private marknaden. 

Status per 10. juli:

  • Vi har mottatt tre ulike prosjekt med til saman 24 nye bustader/leiligheiter, alle innan ein radius på om lag 1 kilometer frå biblioteket i sentrum 
  • I tillegg har vi fått varsel om ytterlegare to prosjekt med 10 - 15 bustader/leiligheter

Dette er svært positivt, både med tanke på at kommunen får tilvisingsrett til nye sentrumsnære bustader, og for auken i talet på utleigebustader i den private marknaden i Sykkylven. 

Fleire av prosjekta oppgir ei oppføringstid på om lag eitt år. Det betyr at dei første bustadane kan vere innflyttingsklare allereie sommaren 2026. 

Vidare prosess 

Søknadane blir no behandla fortløpande i kommunen og sendt vidare til Husbanken for godkjenning. Prosjekta blir finanisert gjennom Husbanken i tråd med reglane for tilvisingsavtalar. 
Sykkylven kommune har ikkje økonomisk ansvar for utbygginga, det er det Husbanken som tek seg av. 

Dei ulike prosjekta vil bli publiserte etter at dei er godkjende av Husbanken.