Søndag 18. oktober går årets TV aksjon til NRC Flyktninghjelpen. I Sykkylven blir aksjonen gjennomført digitalt, og vi oppmodar innbyggarar, lag, organisasjonar og bedrifter til å vere med.
Årets TV aksjon skal bidra til at 400 000 menneske på flukt får tryggare og bedre buforhold. Pengane går til arbeid i Syria, Gaza, Afghanistan, Tsjad, Sudan og DR Kongo.
Publisert 30.09.2026 13.43
Sist endra 30.09.2026 13.44
Dette går pengane til
Mange menneske som er drivne på flukt frå krig og konflikt, står uten ein trygg stad å bu. NRC Flyktninghjelpen skal bruke pengane frå TV aksjonen til å hjelpe menneske med både akutt og meir varig husly.
Pengane skal mellom anna gå til nødbustadar, reparasjon av øydelagde heimar og utstyr som telt, presenningar, madrasser og materiale som kan gi familiar ein tryggare stad å bu.
Målet er å gi menneske på flukt ein tryggare kvardag og bedre moglegheiter til å bygge opp livet sitt på nytt.
TV aksjonen i Sykkylven blir digital
Sykkylven kommune gjennomfører også i år ein heildigital TV aksjon. Det betyr at vi ikkje organiserer bøsseberarar som går frå dør til dør i kommunen.
Vi håper mange vil bidra digitalt.
Du kan:
- opprette eiga digitale bøsse og dele den med familie, venner, kollegaer eller andre
- gi eit bidrag til Sykkylven kommune si bøsse, eller ei av dei digitale bøssene i Sykkylven
- arrangere ein aktivitet og samle inn pengar til TV aksjonen
Ei digital bøsse kan til dømes opprettast av ein familie, arbeidsplass, skuleklasse, vennegjeng, lag eller organisasjon.