Undersøking for pårørande - IVARETATT?

IVARETATT? er ei undersøking der pårørande kan gi tilbakemelding på korleis dei opplev å bli involvert og ivaretatt i kommunen. Undersøkinga blir gjennomført i perioden 1. desember til 31. mars.

Undersøkinga er anonym. 

Resultat frå IVARETATT? er viktig kunnskap som vi tek med oss vidare i kvalitetsarbeidet i helse og omsorg. 

Dette er tredje året Sykkylven kommune er med, og vi ønsker svar frå så mange pårørande som mogleg for å få eit representativt arbeidsgrunnlag. 

Kven kan svare på undersøkinga? 

  • Alle over 18 år som er pårørande til nokon som mottek kommunale helse og omsorgstenester. 
  • Undersøkinga er for både nærmaste pårørande og andre pårørande. Du kan vere i familiær relasjon, og du kan også svare om du har ein anna relasjon, for eksempel om du er ein venn eller nabo. 

Kva inneber det for deg å delta? 

  • I undersøkinga vil du få spørsmål om korleis du som pårørande opplev å bli inkludert og ivaretatt av helse- og omsorgstenestene i Sykkylven kommune. 
  • Alle spørsmål er avkryssingsspørsmål. 
  • Det tek ca. 10 - 20 minutt å gjennomføre undersøkinga, avhengig av svara du gir. 
  • Dine svar blir ikkje sendt inn før du gir godkjenning til det på siste side av undersøkinga.
  • Alle svar som blir sendt inn er anonyme.

Du kan lese meir om undersøkinga på pårørendeundersøkelsen.no.