Utføring av tilsyn i bustader i Straumgjerde

Sykkylven kommune vil i vinter gjennomføre tilsyn med fyringsanlegg i bustader i Straumgjerde. 

Tilsynet er ein del av det lovpålagde brannforebyggande arbeidet, og skal sikre at fyringsanlegg, skorsteinar og røykkanalar er trygge og i forskriftsmessig stand. 

Slik blir du varsla

Alle som får tilsyn, vil motta SMS‑varsel i forkant. Meldinga kjem frå eit tilfeldig generert 14‑sifra nummer, noko som sikrar korrekt handtering av tilbakemeldingar i systemet.

Når du får varsel: 

  • Svar 1 dersom tidspunktet passer 
  • Svar 2 dersom du treng nytt tidspunkt. Då må du sjølv ta kontakt med brannførebyggar for å avtale ny tid. 

Det er viktig at du svarer med talet 1 eller 2 utan ekstra teikn. Etter svar vil du få ei stadfesting på at meldinga er registrert. 

Tilsynet vil omfatte

Tilsynet vil omfatte kontroll av at:

  • Eventuelle tidlegare registrerte avvik og merknadar er følgt opp og utbedra. 
  • Om ny eldstad eller vesentlege endringar ved fyringsanlegget er meldt til kommunen.
  • Eldstad, røykkanal, pipe og eventuelt matesystem for brensel er tilfredsstillande laga og montert.
  • Anlegget er tilfredsstillende kontrollert, ettersett og vedlikehalde.
  • Det er montert røykvarslarar/brannalarmanlegg etter gjeldande krav.
  • Det er tilstrekkeleg med sløkkeutstyr.
  • Rømmingsvegar følger gjeldande krav.
     

Vi ber om at eigar, eller representant for eigar er til stades og sørger for at samlege einheiter, eldstadar og piper er tilgjengeleg. 

Kontakt

Kjetil Hanssen
Branninspektør/feiar
E-post
Mobil 97 71 51 21

Sensitive personopplysningar må ikkje sendast pr. e-post