Utvida skjenketid under fotball-VM 2026

Skjenkestadar i Sykkylven kan søke om utvida skjenketid til kl. 06.00 under fotball-VM 2026. Ordninga gjeld for verksemder som viser direktesende kampar innandørs. 

Det må sendast inn eigen søknad, og kommunedirektøren har fått mynde til å avgjere søknadane. 

Kva kan det søkast om?

Det kan søkast om utvida skjenketid for alkohol i gruppe 1 og 2 fram til kl. 06.00, med tilsvarande utvida opningstid. 

Det er berre verksemder med fast skjenkeløyve som kan søke. 

Ordninga gjeld berre innandørs skjenkeareal, ikkje på terrasse eller i telt. 

Vilkår for å få utvida skjenketid

For å få innvilga søknad må skjenkestaden vise direktesende kampar frå fotball-VM 2026 innandørs for gjestane sine. 

Som vedlegg til søknaden må verksemdene dokumentere: 

  • Lisens frå TV-selskapa for å få vise kampane 
  • Tilstrekkelig bemanning og vakthald i perioden med utvida skjenketid
  • At det er meldt til politiet at verksemda planlegg slik VM-framsyning. 

Søknad

Søknad skal sendast på e-post til Sykkylven kommune: postmottak@sykkylven.kommune.no

I søknaden gir de ei beskriving av konseptet, antal plasser/gjester de kan ta inn, tidsrom det vert søkt om, i tillegg til dokumentasjonen som er nemnt ovanfor. 

Søknadsfrist: fortløpande, men seinast fredag 5. juni. 

Dersom søknaden ikkje er komplett/manglar dokumentasjon som nemnd ovanfor kan det føre til lengre saksbehandlingstid.