Tenestene som flyttar inn i Helsehuset er legesenteret og legevakt, rus og psykisk helse, og heimetenestene.
Eit løft for innbyggarane
Helsehuset blir ein samlande arena for fleire tenester innan helse og omsorg i kommunen. Desse er psykisk helse og rus, Sykkylven legesenter/legevakt og heimebasert omsorg.
Dette er eit stort løft for kommunen og eit viktig steg mot betre samhandling og utvikling av trygge og gode helsetenester for alle som bur i Sykkylven - både no og i framtida.
Innflytting og oppstart
Tenestene flyttar inn trinnvis i løpet av november og desember. I samband med flyttinga kan det vere noko redusert tilgjengelegheit enkelte dagar, men alle tenestene vil vere operative og tilgjengelege på telefon.
Plan for innflytting
- 3. november: Psykisk helse og rus
- 19. november: Legesenter og legevakt
Frå kl. 08.00 onsdag 19.november er legesenter/legevakt å finne i Helsehuset i Auregata 19. Frå dette tidspunktet skal alle som har time eller behov for legevakt møte opp ved Helsehuset. - Medio desember: Heimebasert omsorg
Redusert drift ved legesenteret
Flyttedagane onsdag 19. november t.o.m. fredag 21. november vil legesenteret ha redusert drift. Laboratoriet vil vere stengt desse dagane.
Legevakt: Ved behov for øyeblikkeleg hjelp er legevakta open som vanleg.
Telefonnummer og opningstider er dei same som før:
- Sykkylven legesenter: 70 25 50 50
- Legevaktsentral: 116 117
- Øyeblikkeleg hjelp: 113
Det kan vere noko lengre ventetid på telefon i flytteperioden.
Parkering
I perioden fram til 10. desember vil det vere redusert parkeringskapasitet. Vi vil oppfordre alle besøkande til å nytte parkering foran Helsehuset og langs veggen på Coop Extra.