Informasjon under ei krise

Falsk informasjon

Startfasen i ei krise kan vere svært uoversiktleg.  Det kan vere informasjon i omløp som ikkje er korrekt.  I enkelte situasjonar kan det vere aktørar eller personar som bevisst deler slik falsk informasjon for å forvirre eller øydelegge.

Søk derfor først informasjon frå offentlege aktørar.

 

Lytt til offentlege informasjonskjelder

Sykkylven kommune vil forsøke å få all relevant og aktuell informasjon om krisen på våre  nettsider.  Rådet er dermed å gå til sykkylven.kommune.no om ei krise oppstår.

Informasjon her vil bli delt også på andre sosiale kanalar.

Og her blir også delt aktuell informasjon frå andre offentlege aktør så langt det passer.

Men følg også med på andre offentlege instansar sine informasjonskanalar.

NRK er Noreg sin offisielle informasjonskanal når ei krise oppstår, her vil det meste av viktig informasjon og oppdateringar bli publisert.

Kommunen vil også ved behov kunne nytte varsling til mobiltelefonar. Det kan då sendast melding til dei som har registrert telefon på adresse som er innanfor det området ein sender melding til. (adressebasert varsling)

Tilsvarande har politiet og sivilforsvaret moglegheit til å varsel alle telefonar via nødvarsel.

 

Telefon

Ved nokre hendingar vil det kunne bli oppretta eigne telefonlinjer der pårørande eller andre dette vedkjem kan ta kontakt og få svar på spørsmål.

 

Dersom internett og telefon ikkje fungerer

Ved eit straumbrot vil fast internett gå ned med ein gong. Mobilnettet har batterikapasitet til å levere telefon og internett i nokre timar.  Etter dette vil du ikkje kunne nå nettsidene til kommunen eller andre viktige aktørar.

Då har du to moglegheiter:

Radio:

Alle bør ha ein batteridriven DAB-radio som ein del av eigenberedskapen. Ev. kan radioen i bilen nyttast. Via NRK vil også andre offentlege aktørar  kunne dele viktig informasjon.

Dersom DAB-nettet går ned, kan du sjekke om det radioaktørar som sender på FM-nettet i ditt område og som også kan ha viktig informasjon.

 

Fysisk oppmøte:

Dersom alle andre kanalar er nede, vil vi opprette informasjonspunkt på servicetorget i Rådhuset. Her vil vere skriftleg informasjon ved oppslag, og det vil vere personell tilgjengeleg som kan svare på spørsmål, iallfall periodevis/delar av døgnet.

Ved behov for akutt hjelp:     

Møt på aktuell nødetat sitt lokale; brannstasjonen, politikontoret eller legesenteret.     Her vil vere bemanning og/eller konkret informasjon om korleis få bistand.

 Andre møteplassar kan bli oppretta ved behov.  Kriseleiinga vil sørge for at informasjon om desse vert formidla på tenleg måte.