Privat bustad med kommunal tildeling/tilvisingTreng du ein bustad som er tilrettelagt for helsebehov eller alderdom? Nokre private bustadar i Sykkylven blir tildelt gjennom kommunen, og kan vere eit godt alternativ for deg som ønsker å bu trygt og sjølvstendig. Sist endra 13.06.2025 10.35 Kva er ein privat bustad med kommunal tildeling? Dette er private bustadar som kommunen har avtale om å tilvise til. Det betyr at du søker gjennom kommunen, og kommunen vurderer om du oppfyller krava for å få tildelt bustad. Bustadane er spesielt godt eigna for: eldre og seniorar,personar med nedsett funksjonsevne einslege med forsørgaransvar for barn med samansette behovKven kan søke?For å kunne få tildelt bustad må du oppfylle eitt eller fleire av desse kriteria: Du bur eller oppheld deg i Sykkylven kommuneDu har moderat funksjonssvikt, og bustaden kan bidra til å førebygge ytterlegare sviktDu har behov for helse- og omsorgstenester av varig karakterDu har behov for tilrettelagt bustad i eit førebyggande perspektiv Du er einsleg med forsørgaransvar for barn med samansette behovSlik søker duDu søker ved å fylle ut søknadsskjemaet for bustad med kommunal tildeling: SøknadsskjemaHar du spørsmål? Ta kontakt med Tenestekontoret for rettleiing i søknadsprosessen eller for å få meir informasjon om bustadane og kriterium for tildeling. Om bustadaneBustadane som inngår i ordninga ligg på desse adressene: Smibrauta (Aure panorama), Kyrkjevegen 38 og Ullavikvegen 9 og 11. Du finn meir informasjon om bustadane her: Smibrauta - Aure panorama (PDF, 2 MB)Kyrkjevegen 38Ullavikvegen 9 og 11 (PDF, 2 MB)