Sommarferie 2025

Legekontoret har vanleg opningstid i sommar, men det vil vere noko redusert kapasitet for ordinære timar i ferien.  Husk å vere ute i god tid med å fornye reseptar og med å bestille time etter ferien.

Frå veke 27–32 er det ferieavvikling ved legekontoret. 

Legane vil ha ferie til ulike tidspunkt.  På grunn av ferieavvikling vil det vere noko redusert kapasitet for ordinære timar i ferien.  Øyeblikkeleg hjelp vil bli handtert av ein annan fastlege medan fastlegen din har ferie. Ordinære timar må vente til fastlegen er tilbake, men vær gjerne ute i god tid med å bestille time.

Dersom du treng legetilsyn etter kl. 15.00, må du ringje 116 117 – då kjem du til næraste legevaktssentral. Ved livstrugande tilstandar, ring 113.

På grunn av ferieavvikling vil det òg vere redusert bemanning på laboratoriet og i telefon/skranke. Dette kan føre til noko lengre ventetid på telefon og i skranken.
Under ferieavvikling vert det ikkje sett opp ordinære prøvar. Det er legen som vurderer om prøver skal takast eller ikkje.

 

Vi minner om at det er lurt å fornye reseptar før fastlegen din tek ferie.

 

Ha ein riktig god sommar!

 

NN