Frå veke 26–32 er det ferieavvikling ved legekontoret.
Legane vil ha ferie til ulike tidspunkt. På grunn av ferieavvikling vil det vere noko redusert kapasitet for ordinære timar i ferien. Øyeblikkeleg hjelp vil bli handtert av ein annan fastlege medan fastlegen din har ferie.
Dersom du treng legetilsyn etter kl. 15.00, må du ringje 116 117 – då kjem du til næraste legevaktssentral. Ved livstrugande tilstandar, ring 113.
På grunn av ferieavvikling vil det òg vere redusert bemanning på laboratoriet og i telefon/skranke. Dette kan føre til noko lengre ventetid på telefon og i skranken.
Under ferieavvikling vert det ikkje sett opp ordinære prøvar. Det er legen som vurderer om prøver skal takast eller ikkje.
Vi minner om at det er lurt å fornye reseptar i god tid før ferien.
Ha ein riktig god sommar!
NN