Fakturadistribusjon

Alle fakturaer vert forsøkt sendt digitalt - som eFaktura, Vippsfaktura, via digital postkasse (Digipost eller eBoks), avtalegiro eller som vedlegg i ein e-post.

Hvis dette ikkje er mogleg vert fakturaen levert som papirfaktura i postkassa din.

Sykkylven kommune som fakturautstedar kan ikkje påverke kva kanal du vil få fakturaen i. Dette styrer du sjølv i nettbanken eller på digdir.no. Før faktura sendast gjerast det eit oppslag mot dei ulike kanalane i ei bestemt rekkefølge, og fakturaen sendast i den øvste rangerte kanalen som er aktiv.

Rekkefølgen er som følger:

  1. Avtalegiro (for alle som har inngått avtalegiro avtale).
  2. eFaktura.
  3. Vipps regning.
  4. Digital postkasse innbygger (Digipost eller eBoks).
  5. E-post.
  6. Blankett/papir.

 

Avtalegiro

Avtalegiro er tilpassa deg som ønskjer automatisk betaling av fakturaene dine. Med denne løysinga sørger banken at dei faste fakturaene betalast direkte frå konto på forfallsdagen under forutsetning at det er dekning på konto.

Ønskjer du å motta faktura via Avtalegiro, må ein avtale om dette gjerast hos din bank.  

Dersom du har Avtalegiro, vil belastningsvarselet bli forsøkt distribuert digitalt. Namnet på varselet er «Belastningsoppgåve» og skal IKKJE betalast.

eFaktura

eFaktura er eit godt alternativ til Avtalegiro. Vi vil anbefale alle våre kundar å opprette eFaktura avtale i banken. E-faktura sikrar at fakturaen kjem raskt fram og at den er ferdig utfyllt, slik du slepp å taste kontonummer, KID og beløp. E-fakturaen må godkjennast i nettbanken. Du bør svare Ja Takk Alle på efaktura i nettbanken. Det betyr at du vil enkelt få efaktura frå både Sykkylven kommune og alle andre du mottek faktura frå, utan å måtte inngå avtalar med den einskilde leverandør.

Faktura via Vipps

Vipps Regning føreset at du nyttar Vipps, og har aktivert Vipps Regning inne i appen. Betaling av fakturaer i Vipps er enkelt og du vel sjølv om betalinga skal skje umiddelbart eller ved forfallsdato som står på fakturaen.

Vipps Regning er eit produkt der fakturaen fullt og heilt er sendt til Vipps. Det finnst også ein variant der eFaktura visast i Vipps. Dette styrast av innstillinger inne i Vippsappen.

Vipps kjem stadig med nye oppdateringer av sin app for å betre funksjonalitet og brukeropplevinga. Vipps som selskap tek sjølv beslutninger om kva for innstillinger som følgjer med ei oppdatering. Eksempelvis har det blitt lansert oppdateringer som inneheld automatisk samtykke i å motta fakturaer på Vipps. Mange har reagert på at dei ikkje har gjort dette valet, men valet er gjort i det du har lasta ned oppdateringen.

Dersom du ikkje ønskjer å motta Vipps Regning, eller visning av eFaktura i appen, må du gå inn på innstillingene i appen og deaktivere dette.

Dette gjerast slik:

  • Logg deg inn i Vipps-appen.
  • Klikk på "Profil" nederst til høgre.
  • Klikk på "Regninger og eFaktura".
  • Under regninger ser du "Vis regninger i Vipps". Klikk på til venstre så den blir gråkvit. Vipps Regninger er nå deaktivert.

Husk at dersom du deaktiverer Vipps Regninger før ein uteståande faktura er betalt, må du betale fakturaen manuelt. Du finn betalingsinformasjon på fakturaen i Vipps.

Faktura i Digipost/eBoks

For å motta faktura på Digipost eller eBoks må man ha oppretta ei digital postkasse hos ein av desse. Dersom du allereie har avtale om eFaktura eller avtalegiro med kommunen vil desse vere foretrekt framfor Digital Postkasse.

Fakturaer sendt til Digital postkasse innbygger (Digipost/eBoks) er å sjå på som fullverdige postleveranser. Varsling via SMS eller e-post på mottatt post styrast fullt og heilt på dine varslingsinnstillinger inne i di digitale postkasse, og kan ikkje styrast eller overstyrast av Sykkylven kommune.

Dersom du vel å motta post i Digipost/eBoks, vil du og motta fakturaer her. Dersom du ikkje vil motta post og fakturaer digitalt, må du aktivere ein høgare rangert kanal eller deaktivere den digitale postkassa. Reservasjon av digital post fra offentleg sektor utførast på: www.norge.no/reservasjon

Faktura som vedlegg i e-post 

Ønskjer du å få fakturaen tilsendt som eit PDF-vedlegg i ein e-post, kan du sende oss ein e-post med di e-postadresse til postmottak@sykkylven.kommune.no.

Vi må presisere at dersom du har andre digitale kanalar som avtalegiro, eFaktura, Vippsfaktura eller Digital postkasse, vil desse bli brukt framfor e-post.

Faktura levert i postkassa

Dersom vi ikkje får treff i nokon digitale kanalar, vil fakturaen bli levert i postkassa på same måte som tidlegare. Den einaste forskjellen du vil merke er at utsjånad på fakturaen er noko endra. Den nye blanketten har ikkje girodel i botnen, så om du ønskjer å nytte brevgiro må du fylle ut ein tom giroblankett. Slike tomme bankgiroblankettar kan du få i din lokale bank eller du kan kome innom på servicetorget. 


Informasjon som må fyllast ut på den tomme fakturablanketten er:
•Beløp
•Betalarens bankkontonummer
•Betalt av
•Betalt til
•Kundeidentifikasjon (KID)
•Kroner og øre
•Til konto

Brevgiro

Den ny fakturaen kan ikkje brukast direkte som betaling via brevgiro.

Betaler du via brevgiro, må du nytte ein tom bankgiroblankett, og fylle ut nødvendig informasjon som du finn på den tilsendte blanketten og deretter nytte den utfylte bankgiroblanketten til betaling via brevgiro. Slike tomme blanketter kan du få i din lokale bank eller på servicetorget i din kommune.

Betaler du e-faktura for andre?

Etter 15. mai 2022 vil alle fakturaer bli sendt til den som er registrert som mottakar på fakturaen. Dersom du skal betale ein eFaktura på vegne av andre må den som eigentleg er mottakar av eFakturaen avtale dette direkte med utstedar.

Lenkje til video:

Ny Fakturadistribusjon