Serveringsløyve

Når treng du serveringsløyve?

Den som skal etablere og drive serveringsstad av mat og/eller drikke, må søkje serveringsløyve hos kommunen før verksemda kan starte. 

Eksempel på serveringsstader er restaurantar, kafear, konditori, gatekjøken, matvogner, bensinstasjonar m.m.  Kravet til serveringsløyve gjeld både for utandørs og innandørs servering,  og ein treng ikkje å ha sitteplassar for å bli rekna som ein serveringsstad.

Dette brevet inneheld departementet sitt syn på løyveplikt for omreisande/mobile serveringsverksemder:

Serveringsloven - omreisende virksomheters bevillingsplikt.

Korleis søke?

Digitalt søknadsskjema - søknad om serveringsløyve

Søknadsskjema på papir - Søknad om serveringsløyve (PDF, 2 MB)

Vedlegg til søknad: 

  • Firmaattest
  • MVA-attest 
  • Skatteattest
  • Kopi av melding til Mattilsynet, med stadfesting 
  • Stadfesting på bestått etablerarprøve 
  • Teikning av lokalet inne og ute
  • Skildring av driftskonseptet

Kommunen kan i enkelte høve be om ytterlegare dokumentasjon, som til dømes akjeeigarbok, budsjett og finansieringsplan.

Kor lang tid tar det?

Saksbehandlingstida er inntil tre månader frå du har sendt oss alle nødvendige opplysningar og dokument. Søknaden blir sendt på høyring til politiet og sosialtenesta. Behandlingstida kan bli lengre om høyringsinstansane bruker lang tid, har merknader til søknaden, eller om du gjør endringar undervegs i behandlinga av søknaden. 

Etablarerprøva for serveringsverksemd 

Serveringsverksemda må ha ein dagleg leiar/styrar som må ha bestått Etablarerprøva for serveringsverksemd. Løyvet vert gitt til verksemda som eig serveringsstaden. Dersom serveringsstaden får ny dagleg leiar, må denne godkjennast av kommunen.

Du finn meir informasjon om Etablerarprøva ved å følgje lenkja under:

Etablerarprøva for serveringsverksemd 

Lover og forskrifter

Serveringsloven

Kontakt

Torill Skjeret
Rådgjevar politikk/beredskapskoordinator
E-post
Mobil 94 85 41 79

Sensitive personopplysningar må ikkje sendast pr. e-post