Koronaviruset

18.05.2020 11.49

Etablerarprøve for serveringsverksemd

Etablerarprøve for serveringsverksemd

Kven kan ta prøva?

Alle som ønskjer det kan ta Etablerarprøva. Den som skal vere dagleg leiar på ein serveringsstad må ha bestått Etablerarprøva. 

Kor tar du  prøva?

I servicetorget på rådhuset. Du kan også ta prøva i andre kommunar. 

Gjennomføring av prøva

  • Ta med gyldig legitimasjon (pass, førarkort eller bankkort med bilete)
  • Prøva er ei elektronisk fleirvalsprøve med varigheit på inntil 90 minutt
  • Du må svare riktig på 40 av 50 spørsmål
  • Prøva er på norsk 
  • Det er høve til å bruke ordbok og lovsamling

Tilrettelegging ved spesielle behov

  • Om du har dysleksi, kan du få 30 minutt ekstra tid (krev legeattest)
  • Har du andre utfordringar, legg vi til rette så sant det let seg gjere
  • Tilrettelegging må avtalast på førehand

Kva kostar det?

Etablerarprøve for serveringsverksemd
Prøve Pris
Etablerarprøve 400 kr

Forskuddsgebyr. Beløpet må vere betalt før du kan ta prøva. 

Kor mange gongar kan du ta prøva?

Du kan ta prøva på nytt heilt til du består. Du må betale gebyr for kvar prøve.

Kva er pensum?

Boka "Læremateriell - Etablererprøven for serveringsvirksomheter" er pensum. Denne kan du kjøpe på hos VINN (vinn.no) 

Prøvebevis

Alle som består Etablererprøva får eit prøvebevis som det er viktig å ta vare på. Det er dokumentasjon på at du har nødvendig kunnskap. Beviset er gyldig på ubestemt tid. Vi sender beviset til deg per post.