Fast skjenkeløyveNår treng du skjenkeløyve?Har du serveringsløyve frå før og ønskjer å skjenke alkohol, må du søkje om skjenkeløyve. Sist endra 27.02.2026 09.27 Korleis få skjenkeløyve?Styrar og stedfortredar må ha bestått kunnskapsprøva for å kunne søkje om skjenkeløyveDet er krav om uklanderleg vandel i høve til alkohollovaStyrar og stedfortredar må vere tilsett på staden eller arbeide der i kraft av eigarstillingStyrar og stedfortredar må vere over 20 årKorleis søkje?Søknadsskjema - Søknad om skjenkeløyve. (PDF, 2 MB)Vedlegg som må følgje søknaden: FirmaattestSkatteattest MVA-attestStadfesting på bestått kunnskapsprøve for styrar og stedfortredarLeigekontrakt eller skøyteTeikning av lokalet inne og uteSkildring av driftskonseptetKommunen kan i enkelte høve be om ytterlegare dokumentasjon, som til dømes akjeeigarbok, grunneigar sitt løyve til uteservering, budsjett og finansieringsplan. Kor lang tid tar det?Det kan ta inntil tre månader å handsame søknaden frå du har sendt oss alle nødvendige opplysningar og dokument. Søknaden blir sendt på høyring til politiet og sosialtenesta. Handsamingstida kan bli lengre om høyringsinstansane bruker lang tid, har merknader til søknaden, eller om du gjer endringar undervegs i handsaming av søknaden. Kunnskapsprøva i alkohollovaFor å få skjenkeløyve er det eit krav at styrar og stedfortredar har bestått Kunnskapsprøven i alkohollova for skjenkeløyve.Du finn meir informajon om Kunnskapsprøva ved å følgje lenka under:Kunnskapsprøve alkohollovenRapporteringOmsetning skal rapporterast til Sykkylven kommune ein gong i året på eige skjema. Skjema for innrapportering - Alkoholomsetning - sal/skjenkingLover og forskrifter Alkoholloven