Kunnskapsprøve for skjenke- og salsløyveDet er to typar Kunnskapsprøver i alkoholloven, ei for salsløyve i butikk og ei for skjenkeløyve på restaurant/bar/pub. Sist endra 26.08.2024 14.59 Kven kan ta prøva?Alle som ønskjer det kan ta Kunnskapsprøva i alkoholloven. Den som skal vere styrar eller stedfortredar på ein stad med salsløyve eller skjenkeløyve, må ha bestått Kunnskapsprøva og vere fyllt 20 år.Kvar tek du prøva?I servicetorget på rådhuset. Ta kontakt med sakshandsamar for å avtale dato og tid. Gjennomføring av prøva Ta med gyldig legitmasjon (pass, førarkort eller bankkort med bilete) Prøva er ei elektronisk fleirvalsprøve på inntil 60 minutt Du må svare rett på 24 av 30 spørsmål Prøva er på norsk Du kan bruke ordbokTilrettelegging ved spesielle behov Om du har dysleksi, kan du få 30 minutt ekstra tid (krev legeattest) Ha du andre utfordringar, legg vi til rette så langt det lar seg gjere Tilrettelegging må avtalast på førehand Kva koster det? Kunnskapsprøve i alkoholloven Prøve Pris Kunnskapsprøve 400 kr Forskuddsgebyr. Beløpet må vere betalt før du kan ta prøven. Kor mange gongar kan du ta prøven? Du kan ta prøven på nytt heilt til du består. Du må betale pr. prøve. Kva er pensum? Pensum for salsløyve: Kunnskap om alkohollova kapittel 1,3,7,8 og 9 og alkoholforskrifta kapittel 1,2,3, 5, 6, 8, 9, 10, 11 og 14. Pensum for skjenkeløyve: Kunnskap om alkohollova kapittel 1, 4, 5, 7, 8 og 9 og alkoholforskrifta kapittel 1, 2, 4, 5, 6, 8, 9, 10, 11 og 14.Du kan kjøpe læremateriell hos Vinn (vinn.no) PrøvebevisAlle som består kunnskapsprøva får eit prøvebevis som det er viktig å ta vare på, det er dokumentasjon på at du har nødvendig kunnskap om alkohollovgivinga. Beviset er gyldig på ubestemt tid. Vi sender beviset til deg pr. post.