Korleis få skjenkeløyve?
- Styrar og stedfortredar må ha bestått kunnskapsprøva for å kunne søkje om skjenkeløyve
- Det er krav om uklanderleg vandel i høve til alkohollova
- Styrar og stedfortredar må vere tilsett på staden eller arbeide der i kraft av eigarstilling
- Styrar og stedfortredar må vere over 20 år
Korleis søkje?
Søknadsskjema - Søknad om skjenkeløyve. (PDF, 2 MB)
Vedlegg som må følgje søknaden:
- Firmaattest
- Skatteattest
- MVA-attest
- Stadfesting på bestått kunnskapsprøve for styrar og stedfortredar
- Leigekontrakt eller skøyte
- Teikning av lokalet inne og ute
- Skildring av driftskonseptet
Kommunen kan i enkelte høve be om ytterlegare dokumentasjon, som til dømes akjeeigarbok, grunneigar sitt løyve til uteservering, budsjett og finansieringsplan.
Kor lang tid tar det?
Det kan ta inntil tre månader å handsame søknaden frå du har sendt oss alle nødvendige opplysningar og dokument. Søknaden blir sendt på høyring til politiet og sosialtenesta. Handsamingstida kan bli lengre om høyringsinstansane bruker lang tid, har merknader til søknaden, eller om du gjer endringar undervegs i handsaming av søknaden.
Kunnskapsprøva i alkohollova
For å få skjenkeløyve er det eit krav at styrar og stedfortredar har bestått Kunnskapsprøven i alkohollova for skjenkeløyve.
Du finn meir informajon om Kunnskapsprøva ved å følgje lenka under:
Kunnskapsprøve alkoholloven
Rapportering
Omsetning skal rapporterast til Sykkylven kommune ein gong i året på eige skjema.
Skjema for innrapportering - Alkoholomsetning - sal/skjenking
Lover og forskrifter
Alkoholloven