Endre reguleringsplan ved forenkla prosess (mindre endring)

Her finner du informasjon om reguleringsendring ved forenkla prosess, tidlegare kjent som mindre endring/mindre vesentleg reguleringsendring.

Reguleringsendringar følgjer i utgangspunktet same reglar som ved utarbeiding av detaljregulering. For nokre reguleringsendringar er det lagt opp til ein enklare prosess, etter plan- og bygningsloven § 12-14. Dette gjelder endringer som:

  • i liten grad elles vil påvirke gjennomføringa av planen
  • ikkje går utover hovudrammene i planen
  • og heller ikkje vedkjem omsynet til viktige natur- og friluftsområde

Før søknaden vert sendt til kommunen skal forslagstillar sende planlagd reguleringsendring til uttale til eigarar og festarar av eiendommar som vedtaket direkte angår og andre partar som saka gjeld (nabovarsel). Frist for uttale vil normalt vere 3 veker.

Søknaden skal innehalde følgjande:

  • Navn på reguleringsplan som er ønske om å endre
  • Søknad (tekst med beskriving av kva som er ønskje om å endre i plankart og/eller føresegner– med grunngjeving)
  • Kart - situasjonsplan, illustrasjon av eventuell endring i plankart
  • Kopi av nabovarsel
  • Liste over mottakarar av nabovarsel
  • Kopi av eventuelle innkomne merknader og søkjer sine kommentarar til desse  

Forslagsstillar sender søknad om reguleringsendring etter forenkla prosess til postmottak@sykkylven.kommune.no, eller Sykkylven kommune, Kyrkjevegen 62, 6030 Sykkylven. 

Kommunen vurderer om omsøkt endring kan behandlast ved forenkla prosess. Rundskriv H-6/17 er veiledende i denne vurderinga. Etter at kommunen har mottatt søknaden vil den vurdere om og kven av sektormynde vedtaket gjeld for og sende saka til uttale før det blir gjort vedtak i saka.

Gebyr på behandling av forenkla reguleringsendring:

Gebyregulativ

Kontakt

Arild Sunde Rinnan
Arealplanleggar
E-post
Mobil 94 78 46 89

Sensitive personopplysningar må ikkje sendast pr. e-post