Barn med behov for spesialpedagogisk hjelpBarn som har behov for ekstra hjelp og individuell tilrettelegging utgjer inga einsarta gruppe. Barnehagane er ein viktig arena for å kunne oppdage barn med særskilte utfordringar på eit tidleg stadium. Tidleg innsats er avgjerande for å oppnå gode resultat og hindre utvikling av tilleggsvanskar. Sist endra 17.09.2024 09.12 Spesialpedagogisk hjelp er heimla i barnehagelova § 31. Barn under opplæringspliktig alder har rett til spesialpedagogisk hjelp dersom dei har særlege behov for det. Dette gjeld også om barnet ikkje har plass i barnehage. Formålet med spesialpedagogisk hjelp er å gi barn tidleg hjelp og støtte i utvikling av til dømes språklege og sosiale ferdigheiter.Gjennom kommunen sitt meldeskjema kan ein be om sakkunnig vurdering hos PPT (Pedagogisk Psykologisk teneste). Det er kommunen som fattar vedtak om spesialpedagogisk hjelp basert på den sakkunnige vurderinga. Spesialpedagogisk hjelp inkluderer også logopedhjelp. Før eit barn blir tilvist til PPT skal barnehagen alltid prøve ut tiltak innanfor det ordinære barnehagetilbodet. Dersom ein vurderer at dette ikkje er tilstrekkeleg, skal barnehagen kontakte PPT og be om sakkunnig vurdering. Dette skjer etter skriftleg samtykke frå foreldre/føresette.Meldeskjema til PPTSkjema - pedagogisk rapport til PPTLogopedhjelpHjelp til barnet kan bli gitt individuelt eller i gruppe. Barnehagen skal sørge for at alle som får spesialpedagogisk hjelp blir inkludert i barnegruppa og i det allmennpedagogiske tilbodet. Hjelpa skal omfatte tilbod om foreldrerådgjeving. For meir informasjon kan du klikke på lenkene nedanfor:PPT-SykkylvenVeilederen spesialpedagogisk hjelpNettsider om spesialpedagogikk og tilretteleggingForskrift om ansvar for spesialpedagogisk hjelpLov om barnehagar § 31Barn som heilt eller delvis manglar funksjonell tale og har behov for alternativ og supplerande kommunikasjon (ASK), skal få nytte eigna kommunikasjonsformer og naudsynte kommunikasjonsmiddel i barnehagen. Spesialpedagogisk hjelp etter § 19 a inkluderer opplæring i bruk av ASK, og skal sikre at barn under opplæringspliktig alder får eit tilrettelagt tilbod.Alternativ og supplerande kommunikasjon i barnehagen