I Sykkylven kommune vert barnehagane oppfordra til å nytte det digitale verktøyet Visma Samspill Barnehage i saker som gjeld trygt og godt barnehagemiljø. Under planmalen “Samspel og åtferd” ligg mange malar som kan nyttast:
- Observasjon/kartlegging
- Samtale med foreldre
- Samtale med barnet
- Målsetjing og aktivitetar/tiltak
- Evaluering av tiltak
Dersom barnehagen ikkje vel å nytte Visma Samspill skal dei nytte tiltaksplanen som er utarbeidd av Veilederen.no. Denne finn du her:
Tiltaksplan i word-format (DOCX, 379 kB)
Tiltaksplan i PDF-format (PDF, 109 kB)
Barnehagelova § 42 - Plikt til å sikre at barnehagebarna har eit trygt og godt psykososialt barnehagemiljø (aktivitetsplikt)
Alle som arbeider i barnehagen, skal følge med på korleis barna i barnehagen har det.
Alle som arbeider i barnehagen, skal melde frå til barnehagens styrar dersom dei får mistanke om eller kjennskap til at eit barn ikkje har eit trygt og godt barnehagemiljø. Styraren skal melde frå til barnehageeigaren i alvorlege tilfelle.
Ved mistanke om eller kjennskap til at eit barn ikkje har eit trygt og godt barnehagemiljø, skal barnehagen snarast undersøke saka.
Når eit barn eller foreldra seier at barnet ikkje har eit trygt og godt barnehagemiljø, skal barnehagen undersøke saka og så langt det fins eigna tiltak, sørge for at barnet får eit trygt og godt barnehagemiljø. Det same gjeld når ei undersøking som barnehagen sjølv har sett i gong, viser at eit barn ikkje har eit trygt og godt barnehagemiljø. Tiltaka skal veljast på grunnlag av ei konkret og fagleg vurdering.
Barnehagen skal lage ein skriftleg plan når det skal gjerast tiltak i ei sak. I planen skal det stå
- kva problem tiltaka skal løyse
- kva tiltak barnehagen har planlagt
- når tiltaka skal gjennomførast
- kven som skal gjennomføre tiltaka
- når tiltaka skal evaluerast