Prisar og betaling

Det er Stortinget som kvart år fastset maksimalprisen for ein barnehageplass. Alle barnehagane i Sykkylven nyttar maksimalpris. Kostpengar kjem i tillegg og er basert på sjølvkost.

Maksimalpris:

Fram til sommarferien 2024 kostar ein heiltids barnehageplass 3000 kroner per månad. Du betalar frå den månaden barnet ditt startar i barnehagen.  Faktureringa skjer forskotsvis og du betalar for 11 månadar i året (juli er betalingsfri).  Frå 01.08.2024 vert prisen for ein barnehageplass redusert til 2000 kroner per månad.

Det vert gitt 30% søskenrabatt for barn nummer to. Det er gratis barnehage for barn nr. 3, 4, ... osv.

Dersom eit barn har samanhengande fråvær over 1 månad på grunn av sjukdom eller skade, kan foreldre/føresette søkje om betalingsfritak (gjeld kommunale barnehagar).

Du får ikkje fråtrekk i betalinga på grunn av heilagdagar, ekstra fridagar eller planleggingsdagar (sjå under "Opningstider og barnehagerute").

Dersom kommunen/barnehagen ikkje har teke imot betaling på 2 månadar kan plassen gå tapt.

Prisar 2023:

Makspris barnehageplass

(sentralt styrt)
Makspris barnehageplass
Makspris barn 1 Barn nr. 2 (30% søskenrabatt) Barn 3,4,..osv, (Gratis) 01.08.-31.12.2023
kr. 3 000 (t.o.m. 31.07.2024) kr. 2 100 (t.o.m. 31.07.2024) kr. 0
kr. 2000 (f.o.m. 01.08.2024) kr. 1400 (f.o.m. 01.08.2024) kr. 0

Redusert foreldrebetaling:

Familiar med lav inntekt kan ha krav på redusert foreldrebetaling og gratis kjernetid. Sjå meir informasjon om dette under "Søk redusert foreldrebetaling".

 

Søskenmoderasjon:

Dersom du har fleire enn eitt barn i barnehage i same kommune, skal kommunen sørge for at du får reduksjon i foreldrebetalinga. Dette vert kalla søskenmoderasjon og gjeld uavhengig av om barna går i ulike barnehagar. Ordninga omfattar både kommunale og private barnehagar. Reduksjonen i betalinga skal skje automatisk, utan at du treng å søkje. Søskenmoderasjonen er 30% for barn nr 2 og 100% for barn nr 3 og oppover.

 

Kostpengar:

Alle barnehagane i Sykkylven krev kostpengar i tillegg til den fastsette maksimalprisen. Kostpengane kan ikkje setjast høgare enn barnehagen sine faktiske utgifter til måltid. Betalinga skal ikkje vere på eit slikt nivå at barnehageeigar tener på dette. Kostpengane varierer frå barnehage til barnehage, alt etter kva mattilbod barna får. Kostpengar per månad viser fylgjande (basert på sist tilgjengelege årsmeldingar):

Kostpengar i barnehagane
Barnehage 2022 Pris 2023 Pris
Blakstad naturbarnehage 300 pr.mnd. 300 pr.mnd.
Ullavik barnehage 300 pr.mnd. 300 pr.mnd.
Vikedalen barnehage 300 pr.mnd. 300 pr.mnd.
Ikornnes FUS barnehage 390 pr.mnd. 500 pr. mnd
Krikane barnehage 350 pr.mnd. 450 pr.mnd.
Tryggheim barnehage 260 pr.mnd. 320 pr.mnd.
Velledalen naturbarnehage 600 pr.mnd. 600 pr.mnd. *

 

Betaling i oppseiingstida:

Dersom du seier opp plassen for barnet må du pårekne å måtte betale for oppseiingstida. Oppseiingstida er regulert i vedtektene og kan variere mellom barnehagane. Kommunale barnehagar har ei oppseiingstid på to månadar rekna frå den 1. i månaden etter at oppseiing er levert. Vert plassen sagt opp etter 1. mars må ein pårekne at det vert kravd betaling for plassen ut barnehageåret. Ved særskilde høve kan det gjerast unntak frå denne regelen. Unntak kan mellom anna gjerast dersom barnehagen får inn eit nytt barn på den ledige plassen. Oppseiing skal skje skriftleg.

 

Sein henting:

Dersom barnet ikkje vert henta innan stengetid, kan det bli kravd eit gebyr for å dekke ekstra kostnader ved dette. Taksten skal vere regulert i barnehagen sine vedtekter. I dei kommunale barnehagane er gebyret sett til 500 kroner.

 

Foreldrebetaling

Forskrift om foreldrebetaling

Kontakt

Øyvind Fet
rådgjevar oppvekst
E-post
Mobil 48 27 50 96

Sensitive personopplysningar må ikkje sendast pr. e-post