Prisar for SFO 2026

Sjå vedtekter for SFO her.

Prisar oppdatert etter vedtak i kommunestyret 15.12.2025.

 

SFO-prisar f.o.m. august 2026

SFO-prisar f.o.m. august 2026
Tilbod/opphaldMånadspris opphaldKost (kjem i tillegg)Månadspris opphald inkl. kost
Fulltidstilbod: kl 07:15-16:15 alle skuledagar + alle langdagarKr 3 325Kr 291Kr 3 616
Deltidstilbod 1: kl 07:15-16.15 tre dagar pr. skuleveke + tre langdagar per skulestengt vekeKr 1 995Kr 175Kr 2 170
Deltidstilbod 2 (ettermiddagstilbod): frå skuleslutt til kl. 16:15 + alle langdagarKr 2 631Kr 291Kr 2 922
Deltidstilbod 3 (morgontilbod) kl 07:15-08:15 (ingen langdagar)Kr 694Kr 0Kr 694
Kjøp av enkeltdagar (langdagar)*Kr 348Kr 18Kr 366
SFO for barn med særskilte behov 5.-7. trinnKr 0Kr 291Kr 291
Inntil 12 timar gratis kjernetid for elevar på 1, 2. og 3. klassetrinn på ettermiddag i skulevekene + 8 langdagarFråtrekk på inntil kr 1 900 på fakturaen for valt opphaldKr 255Kr 255

 

* Kostpengar fakturerast alle barn på SFO. Ein kan søke til SFO-leiar om fritak for betaling av kostpengar på særskilt grunnlag, som f.eks. allergiar, og legge ved dokumentasjon.

​** Langdagar er dagar det ikkje er undervisning på skulen, men SFO held opent frå kl. 07:15- 16:15. Oversikt over SFO-året sine langdagar vil kome fram i SFO-ruta (heimesida).

*** Kjøp av enkeltdagar: Sjå Forskrift om SFO § 5-4 (PDF, 190 kB).

Gratis kjernetid

Gratis kjernetid skal fordelast på dei dagane SFO normalt er open. For Sykkylven sin del betyr dette at alle elevar på 1.-3. trinn med SFO-opphald har rett på 12 timar gratis SFO per veke innanfor tidsrommet klokka 07.15-16.15. Dette gjeld uansett kva type SFO-opphald eleven har. Dette betyr at ein vil få eit fråtrekk på fakturaen kvar månad (sjå siste linje i tabellen over), noko som medfører at deltidstilboda (alternativ 1-3) og morgontilbodet i praksis vert gratis for elevar på 1.-3. klassetrinn. Alle må likevel betale kostpengar.

Moderasjonsordningar

  • Lokalt vedtak om søskenmoderasjon: det vert gjeve søskenmoderasjon tilsvarande 25 % på barn nr. 2, deretter 40 %.
  • Sentralt vedtak om redusert foreldrebetaling for 1.- 4. trinn: Foreldrebetalinga til SFO skal maksimalt utgjere 6 % av den samla person- og kapitalinntekta i hushaldninga.
  • Sentralt vedtak om at barn med særskilte behov på 5.-7. trinn skal ha gratis tilbod i SFO.
  • Sentralt vedtak gjeldande frå 1. august 2022: Inntil 12 timar gratis kjernetid for elevar på 1. trinn.
  • Sentralt vedtak gjeldande frå 1. august 2023: Inntil 12 timar gratis kjernetid for elevar på 2. trinn.
  • Sentralt vedtak truleg gjeldande frå 1. august 2024: Inntil 12 timar gratis kjernetid for elevar på 3. trinn.

Kontakt

Janne Marstrander
SFO-leiar / avdelingsleiar Aure barneskule
Telefon 95 01 88 53
Jørgen Sophus Welle
SFO-leiar Sørestranda skule

Sensitive personopplysningar må ikkje sendast pr. e-post