Mange bustadar og hytter i Sykkylven har eige avløpsløysing, til dømes slamavskillar med infiltrasjon, minirenseanlegg eller tett tank.
Eit avløpsanlegg som ikkje fungerer som det skal kan gi ureining, luktproblem og påverke både helse og miljø. Difor er det viktig at du som eigar har god kontroll på anlegget ditt.
Publisert 14.07.2026 09.07
Sist endra 14.07.2026 09.07
Alle avløpsanlegg skal ha utsleppsløyve
Utslepp av reinsa avløpsvatn frå hus og hytter er ureining og krev at du har søkt og fått løyve. Dette gjeld både nye anlegg og gamle anlegg som vart etablerte for mange år sidan, og det gjeld òg når du skal rehabilitere eller endre anlegget.
Søknadsskjema for utsleppsløyve til sanitært avløpsvatn frå hus og hytter finn du på kommunen si nettside under “Vatn og avløp”
Tiltak på avløpsanlegg kan vere søknadspliktig i byggesak
Når du skal bygge nytt avløpsanlegg eller rehabilitere eit eksisterande, kan arbeidet vere søknadspliktig etter plan og bygningslova. Det betyr at det i tillegg til utsleppsløyve kan vere nødvendig med løyve i byggesak.
Er du usikker på om tiltaket ditt er søknadspliktig, ta kontakt med kommunen før du startar.
Du som eigar har ansvaret, ikkje kommunen
Det er ein vanleg misforståing at kommunen har ansvaret for at private anlegg fungerer. Ansvaret for drift, vedlikehald og oppfølging av utslepp ligg hos anleggseigaren.
Rett drift og vedlikehald er også viktig fordi eigar kan ha eit utvida ansvar dersom utslepp frå anlegget fører til skade, også sjølv om eigar ikkje har gjort feil med vilje.
Serviceavtale og dokumentasjon
Mange anleggseigarar har ikkje fagkunnskap om reinsing av avløpsvatn. Ei god løysing er å inngå serviceavtale med fagkyndig føretak. Med serviceavtale får du jamleg kontroll av anlegget, betre drift, lengre levetid og nyttig dokumentasjon ved tilsyn. Minireinseanlegg er pålagt å ha serviceavtale med eit godkjent serviceføretak.
Sjekkliste for anleggseigar
Dette er punkt du bør følge opp i kvardagen:
- Sett deg inn i utsleppsløyvet frå kommunen og vilkåra som gjeld for anlegget ditt
- Finn ut når du må søke om endring av utsleppsløyvet
- Sett deg inn i heile anlegge, ikkje berre reinseeininga, til dømes leidningsnett, slamavskiljar, stakekum, prøvekum og utsleppsanordning
- Følg drifts- og vedlikehaldsdokumentasjonen som følgde med anlegget
- Sørg for god tilkomst til anlegget for service og slamtømming
- Følg med på at slamtømming og service blir utført regelmessig
- Følg med på alarmar og feilmeldingar, og meld frå ved behov
- Følg opp tilbakemeldingar frå tømmefirma, servicepersonell eller kommunen
- Sikre alle lokk på ein tilfredsstillande måte
- Overfør rettar og plikter til ny eigar ved sal av eigedom
- Ta vare på dokumentasjon, til dømes løyve, service og tilsynsrapportar, dokumentasjon på slamtømming og kvitteringar
Slamtømming i Sykkylven
For spørsmål om slamtømming, endring av tømmedato, tilkomst eller anna, kontakt Attvin: post@attvin.no.
Kommunalt vatn og avløp
Det offentlege vatn og avløpsnettet i Sykkylven blir drifta av Sykkylven Energi.
Sjå Sykkylven Energi si nettside.