• Hending

Astrofysikar med Knut Jørgen Røed Ødegaard

Dato

Tirsdag 30. september 2025

Tidspunkt

kl. 18.00 - 19.30

Stad

Sykkylven bibliotek

Noregs mest entusiastiske astrofysikar kjem på besøk til Sykkylven! 

 

Astrofysikar Knut Jørgen Røed Ødegaard tek oss med ut i eit univers der eksplosjonen er sjølve drivkrafta: Frå dei minste atomkollisjonane som får stjerner til å tennast, til solstormar som kan lamme teknologi på jorda, frå vulkanske utbrot på ismånar til gigantiske stjernesmell, galaksekræsj og det store smellet som starta alt.

I dette multimedieforedaget er Ødegaard innom gjestar frå andre solsystem, bevis for liv på ein planet utanfor Solsystemet, romheisar og romreiser, svarte hol og ormehol, mystisk mørk materie, den mest valdsame eksplosjonen i historia - og mykje meir!

Med smittande formidlarglede og brennande entusiasme fortel Ødegaard om dei vakraste, villaste og mest valdelege kreftene i universet – og kvifor dei har noko å seie for oss.

Program for heile familien.

Støtta av Gjensidige.

Praktisk informasjon

Om arrangøren

Blir arrangert av

Om staden

Namn

Sykkylven bibliotek

Om arrangementet

Pris vaksen
Gratis