• Hending

Folkemøte om beredskap

Dato

Tirsdag 30. september 2025

Tidspunkt

kl. 18.00 - 20.00

Stad

Næringsfabrikken

Korleis er vi best mogleg førebudde på uventa hendingar i lokalsamfunnet vårt?
Sykkylven kommune inviterer alle innbyggarane til eit ope folkemøte om beredskap.

Kvelden startar med kaffi/te før vi får spennande og viktige innlegg frå både statsforvaltaren, politi og kommunedirektør.

Program:
✅ Kl. 18.00 - Dørene opnar på Næringsfabrikken
✅ Kl. 18.30 - Velkomen og innleiing ved ordførar Olav Harald Ulstein
✅ Kl. 18.45 - Statsforvaltar Else-May Botten: beredskap i samfunnet generelt
✅ Kl. 19.15 - Politimester Ingar Bøen: sikkerheit og beredskap 2025
✅ Kl. 19.45 - Kommunedirektør Torbjørn Emblem: kommunal beredskap

Arrangementet er ope for alle, og vi håpar mange vil ta turen!

 

Praktisk informasjon

Om arrangøren

Blir arrangert av

Sykkylven kommune

Om staden

Namn

Næringsfabrikken