ILAG vart gjennomført som pilotprosjekt i 2025, og erfaringane var så gode at programmet kjem tilbake sommaren 2026. Målet er enkelt: Vi vil gi unge som jobbar i Sykkylven ein endå bedre sommar, med nye opplevingar, sosialt fellesskap og kjennskap til alt det fine Sykkylven har å by på.
Programmet er for deg som er mellom 18 og 30 år, og som skal jobbe i Sykkylven i minst tre veker sommaren 2026. Det spelar ingen rolle om du jobbar i kommunen, i industrien, i butikk, på kafê, innan helse, på kontor eller andre stadar - så lenge du har ein sommarjobb i Sykkylven, kan du søke.
Gjennom sommaren blir det lagt opp til ulike møtepunkt og aktivitetar. Det kan til dømes vere fjelltur, fjøregrilling, filmkveld, festival, bedriftsbesøk eller andre sosiale aktivitetar. Programmet blir lagt opp slik at også dei som jobbar skift eller har ulike arbeidstider skal kunne delta på mykje av det som skjer.
Årets koordinator for ILAG er Johanne Hjortdal, som vil følgje opp deltakarane og vere kontaktperson gjennom sommaren.
I 2026 er det 15 plassar i programmet. Det er gratis å delta på ILAG. Deltakarane må berre rekne med å betale enkelte personlege utgifter sjølve, som til dømes mat og drikke ved nokre av samlingane.
ILAG 2026 er eit samarbeid mellom Sykkylven kommune/Omstillingsprogrammet og Sykkylven Industri- og Næringslag.
Vil du sjå litt av kva fjorårets ILAG-kull fann på? Følg @ilag.sykkylven på Instagram.
Søknadsfrist er 1. juni.