Informasjon om brøyting i kommunen

Vinteren har meldt sin ankomst, og det har kome ein del snø siste døgnet. 

Brøytemannskapet har vore ute sidan tidleg morgon for å sikre framkomelege vegar og gangstiar, men det vil ta tid før alle områder er rydda. Takk for tolmodet og forståing medan arbeidet pågår!

Denne artikkelen er over 1 år gammal og kan innehalde utdatert informasjon

Sykkylven kommune har ca 100 km veg, fordelt på ca 200 ulike vegstrekningar. Vi forstår at snøen kan skape utfordringar, men det tek tid å brøyte kvar enkelt rode. 

Brøytinga startar vanlegvis når det har kome omlag 10 cm våt snø eller 15 cm tørr snø. 

Brøyteroder 2021 - 2026

Sykkylven kommune har delt vegnettet inn i fleire brøyteroder for å sikre effektiv snørydding. Desse blir brøyta av firma eller entreprenørar som utfører arbeidet på vegner av kommunen. 

  • Rode 1: Hundeidvik/Tusvika - Klokkehaug Maskin AS
  • Rode 2: Straumgjerde/Ytre Jarnes - Klokkehaug Maskin AS
  • Rode 3: Velledalen - Hole Anlegg AS
  • Rode 4: Fjellsæter/Fausa - Hole Anlegg AS
  • Rode 5: Pihlbakken/Tjønes - Hoku Anlegg AS
  • Rode 6: Pihlbakken/Haugset/Aurdal/Ørsnes - Klokkehaug Maskin AS
  • Rode 7: Ramstaddalen/Søvikdal/Løvold - Sykkylven Maskin AS
  • Rode 8: Gang/sykkelvegar - Klokkehaug Maskin AS

Brøytebilane følgjer ei rute og har ein plan for å dekke kommunen mest effektivt. Det kan likevel ta tid før alle vegar og område blir rydda, særleg ved store snøfall. 

Sjå kart over dei ulike rodene (PDF, 4 MB)

Fylkesvegar 

Møre og Romsdal fylkeskommune har driftsansvar for fylkesvegane i kommunen:

- Sykkylvsvegen; Fv 60: Frå Ausneset til Stranda, kommunegrense
- Dalevegen; Fv 73: Frå Fv 60, småbåthamna til ca. Ramstaddalen 
- Del av Sørestrandvegen; Fv 71: Frå Sykkylvsbrua, Ikornnes til Gjæveneset 
- Vallavegen; Fv 77; Frå vegkryss ved Fetbrua til vegkryss Hjorthol 

Sjå elles heimesida vår for meir informasjon om veg