Veg - Graving

Veg - Graving

Kommunevegar

Sykkylven kommune har ca 100 km veg, fordelt på ca 200 ulike vegstrekningar. Det er utarbeidt arbeidsintruks for vintervedlikehald av kommunale vegar.  (PDF, 33 kB)

Skader på veg kan meldast Sykkylven kommune via Fiksgatami.no 

 

Graveløyve

Du må søke om løyve om du skal grave i kommunal veg, eigedom eller i nærleiken av vatn- og avløpsledningar/-anlegg. Det er som regel dei som skal utføre arbeidet som søker.

Det ligg ofte tekniske anlegg i kommunale vegar og plassar, og det kan bli til ulempe for mange innbyggarar om det oppstår skadar på dei tekniske anlegga som følge av graving. Det er difor viktig at du skaffar deg informasjon om kva som ligg i grunnen før gravinga startar.

 

 

Fylkesvegar

Statens vegvesen har driftsansvar for fylkesvegane i kommunen:

- Sykkylvsvegen; Fv 60: Frå Ausneset til Stranda, kommunegrense
- Dalevegen; Fv 73: Frå Fv 60, småbåthamna til ca. Ramstaddalen 
- Del av Sørestrandvegen; Fv 71: Frå Sykkylvsbrua, Ikornnes til Gjæveneset 
- Vallavegen; Fv 77; Frå vegkryss ved Fetbrua til vegkryss Hjorthol 

 

Trafikktryggleik

Klipp hekkar og busker ved eigedomen din, slik at bilistane ikkje overser syklistar og gåande. På den måten tek du ditt ansvar og bidrar til større tryggleik i lokalmiljøet. Sjå meir informasjon hos Statens vegvesen.