Klimasatsprosjektet "Sykkylven sykkelvenn"

Sykkylven kommune har fått tildelt 400.000 kr i Klimasats-midlar frå Miljødirektoratet. Alle midlane skal brukast på klimavennleg transportplanlegging. Prosjektet har fått namnet “Sykkylven sykkelvenn”, og har varigheit i eitt år. 

Som første del av prosjektet gjennomførte vi ei reisevaneundersøking i september. Vi fekk inn heile 543 svar på undersøkinga. Tusen takk til alle som bidrog med svar og innspel! 

Resultata gir innsikt i kva som er viktig for innbyggarane, og er eit godt grunnlag for det vidare arbeidet i prosjektet. 

Rapport frå undersøkinga

Her kan du lese ein kortfatta rapport av hovudtrekka frå undersøkinga: