Det er ei stor glede for oss å kunne dele at Sykkylven kommune har fått denne utmerkinga. Ordførar Olav Harald Ulstein var til stades og tok i mot prisen i Oslo måndag kveld. Prisen blir delt ut til kommunar som utmerkar seg som gode vertskap for næringslivet, og som kan inspirere andre gjennom god dialog, rolleforståing og målretta arbeid.
For oss er dette ei anerkjenning av eit arbeid som er bygd over tid. Samtidig er det ikkje noko sluttpunkt. Tvert imot minner prisen oss om at godt næringsarbeid er noko vi må halde fram med, kvar dag.
Bygd på lange tradisjonar
Sykkylven har lange tradisjonar for samarbeid med næringslivet. Allereie i 1989 etablerte kommunen og næringslivet saman Sykkylven Næringsutvikling AS, som framleis spelar ei sentral rolle som førstelinjeteneste for etablerarar, vekstbedrifter og ulike bransjemiljø. Det eigarskapet, saman med det tette samspelet med det lokale industrilaget og breidda i næringslivet, har gitt oss eit sterkt fundament å byggje vidare på.
Næringsarbeid handlar om heile kommunen
Særleg etter at kommunen fekk status som omstillingskommune i 2021, har vi blitt endå meir bevisste på at næringsutvikling ikkje kan skje isolert. Eit sterkt næringsselskap er viktig for oss, og så må næringsarbeid også vere ein del av måten kommunen tenkjer og arbeider på – i politisk leiing, administrativ leiing og på tvers av fagområde.
Det handlar om å få næringsperspektivet inn i ryggmargen i heile organisasjonen: i planlegging, prioriteringar og i måten vi møter både bedrifter og innbyggjarar på.
I dag er det brei forståing for at god samfunnsutvikling og god næringsutvikling heng tett saman. Skal ein lukkast med å vere ein attraktiv kommune for bedrifter og tilsette, handlar det ikkje berre om næringsareal og etablerarhjelp. Det handlar også om bustadbygging, arealplanlegging, barnehageplassar, sentrumsutvikling og gode tenester. Ein kommune som er god å drive næring i, må også vere god å bu i.
Kommunen har dei siste åra styrkt innsatsen i det næringsretta arbeidet. Eit konkret døme er næringsteamet, som møtest kvar 14. dag. Der koordinerer næringsselskapet, politisk leiing, kommunalområde samfunn og kommunedirektøren saker som gjeld næring. Det gir betre samhandling og tydelegare retning.
Deltakinga i KS sitt program Læring for næring i 2024 gav også nyttige erfaringar og høve til å lære saman med andre kommunar i regionen.
Vil kome styrkt ut av omstillingsperioden
Som omstillingskommune i perioden 2021–2026 har Sykkylven som mål å bidra til ein meir robust og variert næringsstruktur, styrkje utviklingsevna i både næringslivet og kommunen, og leggje til rette for nyetableringar innan fleire bransjar. Samstundes skal omstillingsarbeidet styrkje Sykkylven som næringslivs- og bustadkommune. Vi har tru på at kommunen vil kome styrkt ut av omstillingsperioden. Det krev at vi held fram med å styrkje dialogen og samarbeidet som er viktig for kommunen som heilskap. Målet er at Sykkylven skal stå endå sterkare som ein attraktiv kommune å bu, arbeide og skape verdiar i. (Her kan du lese meir om omstillingsprogrammet i Sykkylven).
Det viktigaste arbeidet ligg framfor oss
– Denne prisen er vi både glade for og audmjuke over. Han betyr mykje for oss, og er ei flott anerkjenning av det arbeidet som blir gjort i lag mellom kommune og næringsliv. Samtidig er dette ikkje noko vi kan lene oss tilbake på – det viktigaste arbeidet ligg alltid framfor oss, seier ordførar Olav Harald Ulstein.
Vil også løfte fram andre kommunar
Kommunen ønskjer også å løfte fram dei andre nominerte kommunane, og kommunar elles i landet som kvar dag arbeider for å leggje til rette for både gode tenester og eit berekraftig næringsliv. Det står stor respekt av arbeidet som blir gjort i Gloppen, Skjervøy, Alver, Bærum og Kristiansand. Kvar på sin måte viser dei kor viktig det er å utvikle gode lokalsamfunn i lag med næringslivet.
Vi vil også rette ei varm helsing til kommunar over heile landet som kvar dag balanserer lovpålagde oppgåver med behovet for å leggje til rette for vekst, arbeid og utvikling. Eit godt næringsliv er ikkje noko som kjem i tillegg til samfunnsoppdraget – det er ein viktig del av det.
Vi lærer av mange rundt oss
- Vi veit at vi ikkje lukkast åleine. Vi lærer av mange rundt oss, og har hatt stor nytte av å dele erfaringar med andre kommunar. Det er inspirerande å sjå kva andre får til, og om Sykkylven også kan vere til inspirasjon for andre, er det også kjekt, seier kommunedirektør Torbjørn Ove Emblem.
For Sykkylven handlar dette om meir enn prisar og enkeltprosjekt. Det handlar om å spele kvarandre gode, finne gode løysingar i lag og byggje eit lokalsamfunn med tru på framtida. Når vi dreg i same retning, gjer det Sykkylven til ein endå betre plass å bu, arbeide og skape verdiar i.
Ordførar Olav Harald Ulstein med fleire - Utdeling av prisen i Oslo