Omstillingsprogrammet

Sykkylven kommune har status som omstillingskommune i perioden 2021-2026. Hovudmålet for omstillingsplanen 2021-2026 er å bidra til å skape nye og sikre 170 arbeidsplassar gjennom å skape ein meir robust og variert næringsstruktur. Dette skal gjerast både gjennom å vidareutvikle eksisterande bedrifter og legge til rette for nyetableringar innan fleire bransjar. 

Omstillingsprogrammet

Omstillingsprogrammet kjem i tillegg til det ordinære næringsutviklingsarbeidet i Sykkylven kommune, som Sykkylven Næringsutvikling (SNU) varetek, SNU og omstillingsprogrammet samarbeida difor tett for å best mogleg kunne hjelpa næringslivet.  

Omstillingsarbeidet er organisert som eit program eigd av Sykkylven kommune. Programmet er ansvarleg for å gjennomføre det ekstraordinære arbeidet med næringsutvikling og rapportera til kommunestyret. Det er eit eige programstyre, kalla omstillingsstyret, dei er ansvarleg for utarbeiding av strategi og handlingsplan for omstillingsprogrammet. Omstillingsstyret er satt i saman av representantar frå kommunen og næringslivet. 

Programleiar er tilsett i kommunen og er ansvarleg for å drifte aktivitetane som styret setter i gang i programmet. Programleiar rapportera til omstillingsstyret.  

Støtte frå Omstillingsprogrammet

Omstillingsprogrammet har ein eigen strategi med årlege handlingsplanar og forvaltar omstillingsmidlane. Kriteria for støtte frå Sykkylven kommunes omstillingsprogram.

Arbeidet skal fokusere på skaparglede i næringslivet, opplevingsnæringar, samarbeid og nettverk og attraktive Sykkylven. Forstudie og forprosjekt skal prioriterast, gjennomføring av hovudprosjekt skal i større grad realiserast ved bruk av det ordinære offentlege verkemiddelapparatet. Hovudoppgåva for omstillingsleiinga er å realisere tiltak og prosjekt i handlingsplanen. 

Meir informasjon om Omstillingsprogrammet

Kontaktperson Omstillingsprogrammet