Tilskot spesielle miljøtiltak i jordbruket (SMIL) og drenering

Søknadsfrist: 15. april 2026. 

Visste du at du kan søkje kommunen om tilskot til spesielle miljøtiltak i jordbruket? Formålet med ordninga er å fremje natur- og kulturminneverdiane i jordbruket sitt kulturlandskap ut over det ein kan vente gjennom vanleg jordbruksdrift, samt å redusere forureininga frå jordbruket.

Lokale satsingsområde og prioriteringar

Målet med SMIL- ordninga lokalt er å (1) legge til rette for eit levande jordbruks- og kulturlandskap gjennom tildeling av midlar som er med på å styrke den lange kulturhistoria landbruket i kommunen har, (2) sikre at verdifulle natur- og kulturmiljø i kommunen vert teke vare på og skjøtta, (3) betre tilstanden til kulturminna jordbruket sitt kulturlandskap, (4) redusere forureininga frå landbruket, (5) betre tilstanden for utsette vassførekomstar i jordbruksdominerte område i kommunen, (6) redusere landbruket sitt klimaavtrykk, (7) følgje opp måla i kommunen sin klima- og energiplan og (8) betre allmennheita sin tilgang til jordbrukslandskapet, samtidig som ein tek vare på landbruks- og beiteinteressene.

 

I Sykkylven kommune ønskjer vi spesielt å ta vare på: 

  • Stølslandskapet og seterkulturen
  • Landbruksområde med høge miljøverdiar, som semi-naturleg eng (slåttemark og naturbeitemark), samt artsrike kant- og buffersoner.
  • Eit representativt utval av bygningar som høyrer til det tradisjonelle kulturlandskapet.
  • God økologisk tilstand på vassdraga i kommunen.
  • Viktige turområde. 

Målgruppe for ordninga

Aktive bønder, samt grunneigarar som leiger bort jordbruksareala sine til aktive bønder.  Meir informasjon og rettleiande tilskotssatsar finn du på kommunen sin informasjonsside om SMIL- ordninga

Slik søkjer du 

Søknadsfristen er 15. april kvart år.

Søknaden skal gi eit tilstrekkeleg bilete av kva som skal gjerast. Det skal leggast ved kostnadsoverslag som viser anslått totalkostnad for prosjektet, både materialkostnader, kjøp av tenester og eigen arbeidsinnsats skal vere med. I tillegg skal det leggast ved kart som viser arealet/ objektet sin lokalisering. Bruk gjerne Gardskart. Fotografiar og andre relevante dokument kan også leggast ved.

Søknadsskjema SMIL

 

Tilskot til drenering 

Eigar av, eller føretak som leiger, tidlegare grøfta jordbruksareal med behov for ny drenering kan søkje om tilskot til drenering. Søknaden skal leverast elektronisk via Altinn. Søknadsfristen er 15. april kvart år. Tilskot til drenering av jordbruksjord, avgrensa til systematisk grøfting, profilering og omgraving utgjer 4000 kroner per dekar. Ved anna grøfting kan ein få 61 kroner per løypemeter grøft avgrensa oppad til 4000 kroner per dekar. 

Søknadsskjema drenering 

Innvilga tilskot får du utbetalt etter at du har dokumentert at tiltaket er gjennomført. Tiltaket må gjennomførast innan tre år frå da søknaden blei innvilga.

Meir informasjon om ordninga finn du på Landbruksdirektoratet sine nettsider

Kontakt

Mandy Häger
Jordbrukssjef
E-post
Mobil 47 71 57 41

Sensitive personopplysningar må ikkje sendast pr. e-post