Spesielle miljøtiltak i landbruket (SMIL)

 

Du kan søkje kommunen om tilskot til spesielle miljøtiltak i jordbruket. Formålet med ordninga er å fremje natur- og kulturminneverdiane i jordbruket sitt kulturlandskap ut over det ein kan vente gjennom vanleg jordbruksdrift, samt å redusere forureininga frå jordbruket. 

Målgruppe 

Tilskot kan innvilgast til føretak som fyller følgjande krav:

  • Oppfyller krav i forskrift om produksjonstilskot og avløysartilskot i jordbruket § 2 og § 3 eller § 4,  både føretak som driv produksjon på eigd eller leigd areal kan søkje. Viss det søkjast på leigd jord, må det vere gitt løyve frå eigar av areala.
  • Tilskot kan også gis til eigar av landbrukseigedom som ikkje sjølv driv jorda, dersom det er drift på areala som oppfyller krav til produksjonstilskot. Dvs. at eigarar utan føretaksnummer også kan søkje SMIL-tilskot.
  • Oppfyller vilkåra i gjødselforskrifta.
  • Dersom areala er leigde bort må søkjar kunne dokumentere at vilkåra i kulepunkt 1 og 3 er oppfylte.

Slik søkjer du 

Søknadsskjema til spesielle miljøtiltak i landbruket (SMIL)

Søknadsfristen er 15. april kvart år.

Søknaden skal gi eit tilstrekkeleg bilete av kva som skal gjerast. Det skal leggast ved kostnadsoverslag som viser anslått totalkostnad for prosjektet, både materialkostnader, kjøp av tenester og eigen arbeidsinnsats skal vere med. I tillegg skal det leggast ved kart som viser arealet/ objektet sin lokalisering. Bruk gjerne Gardskart. Fotografiar og andre relevante dokument kan også leggast ved.

Det er kommunen som har vedtaksmynde. Søknadene vert behandla samla og kommunen fattar vedtak etter at tiltaka vart drøfta i SMIL- gruppa. Klageinstansen for SMIL-vedtak er Statsforvaltaren i Møre og Romsdal. Klagen skal sendast til kommunen som sender den vidare til klageinstansen.

Prioriterte tiltak 

Følgjande kriteria vil vege tungt ved prioritering av søknader om tilskot til tiltak for å ta vare på biologisk mangfald, gamal kulturmark, kulturminne, verneverdige bygg og tiltak for å hindre forureininga i SMIL- ordninga:

  • Om tiltaket tar vare på registrerte kvalitetar av biologisk mangfald.
  • Ved ryddetiltak skal rydding til beite prioriterast framfør rydding til kulturopplevingar. 
  • Om tiltaket vil vere med på å reduserer forureining till jord, vatn og luft.
  • Om tiltaket tek vare på freda eller verneverdige landbruksbygg.
  • Fellestiltak vil som regel verte prioritert føre enkelttiltak.
  • Om tiltaket har kunnskapsverdi, opplevingsverdi eller bruksverdi for allmennheita.
  • Ved likeverdige tiltak vil aktive bruk bli prioriterte framfør passive bruk.
  • Det vert normalt ikkje gitt SMIL-tilskot til innkjøp av maskiner eller anna laust teknisk utstyr. 

Du kan lese meir om aktuelle tiltak og tilskotssatsar i kommunen sin nye tiltaksstrategi for SMIL og tiltak i beiteområde

Kommunal tiltaksstrategi for SMIL 2025-2028 (PDF, 2 MB)

Rettleiande satsar for utrekning av kostnader

 

Du kan lese meir om SMIL- ordninga på Landbruksdirektoratet sine nettsider. 

Kontakt

Mandy Häger
Jordbrukssjef
E-post
Mobil 47 71 57 41

Sensitive personopplysningar må ikkje sendast pr. e-post