Ny i Sykkylven?Sykkylven kommune ligg sentralt i hjartet av Sunnmørsalpane. Er du ny i Sykkylven eller planleggar å flytte hit? Du er hjarteleg velkomen! Vi tek gjerne i mot deg. På Sykkylven.com finn du det meste Sykkylven har å by på.Elevane ved Sykkylven vidergåande skule har laga film som syner mangfaldet av arbeidsplassar vi har å by på. Sist endra 21.10.2024 13.12 Her finn du snarvegar til relevante tenester i Sykkylven kommune. Om Sykkylven På sykkylven.com finn du det meste Sykkylven har å by på. Sykkylven kommune ligg sentralt til i hjartet av Sunnmørsalpane. Storfjorden går over i Sykkylvsfjorden og delar kommunen i to. Sykkylvsbrua gjer avstanden kort mellom bygdelaga. Kommunen har omlag 7.600 innbyggarar. Sykkylven ligg nær Moa, som har Norges største kjøpesenter, og Ålesund by, som ein når på berre 40 min. Det går ferje heile døgnet. Til Ålesund lufthamn Vigra brukar ein 50 min med bil/ferje. Flyttar ein seg i motsett retning i kommunen, kjem ein til Fjellsetra friluftsområde, og Sunnmørsalpane skiarena med heisanlegg for alpinsport og oppkjørt løypenett for tur/langrenn. Sykkylven har eit godt utbygd barnehage- og utdanningstilbod med videregåande skule, eit breitt og aktivt idretts- og kulturliv og eit framgangsrikt næringsliv. Bygda og kommuneorganisasjonen set fokus på å vere opne, innovative og venlege i all framferd og planlegging, med ei solid forankring i bygda si rike historie og gode tradisjonar. Kambane Barnehage, skule og familie Barnehage I Sykkylven kommune har vi fire kommunale og fire private barnehagar. Meir informasjon om barnehagane i Sykkylven og lenker til dei ulike barnehagane finn du på denne sida: Barnehagar i Sykkylven. Prisar og betaling, ledige barnehageplassar, nyttige lenker og anna informasjon finn du på denne sida: Sykkylven kommune - barnehage. Skule I Sykkylven har vi totalt seks barneskular i tillegg til ein ungdomsskule og ein vidaregåande skule. Oversikt over skulane og meir informasjon om den enkelte skule finn du her: Skular i Sykkylven. Det skal byggast ny sentrumsskule i Sykkylven. Sentrumsskulen skal stå ferdig hausten 2023 og er ei samanslåing av dei tre noverande skulane; Ullavik skule, Aure skule og Vik skule. Framdrift i prosjekt "ny sentrumsskule" kan du lese her. Meir informasjon tilknytta skule finn du her: Sykkylven kommune - skule. Barn, unge og familie Helsestasjon, barnevern, pedagogisk psykologisk teneste(PPT), familievernkontoret og anna informasjon om barn, unge og familie finn du på denne sida: Barn, unge og familie. Jobb Ledige stillingar i Sykkylven kommune NAV - ledige stillingar Finn.no - ledige stillingar Tilflyttarkontakter Ynskjer du å flytte til Sykkylven? Har du spørsmål om jobb, hus, tomt, barnehage, skule eller anna? Gjerne ta kontakt med oss og så skal vi prøve å hjelpe deg. Vi gler oss til å høyre frå deg! Kontaktpersonar Trude Lillestøl, konsulent fellestenestene. Tlf: 94 86 63 54, send e-post. Synnøve Hunnes, einingsleiar fellestenestene. Tlf: 90 14 02 82, send e-post. Silje Ramstad, konsulent fellestenestene. Tlf. 91 64 02 79, send e-post. Bustad Bustad til salgs Sykkylven kommune har kommunale bustadtomter fleire stadar i bygda. Kommunale bustadtomter - her finn du oversikt over dei kommunale bustadtomtene, priser, søknadsskjema og anna generell informasjon. I tillegg til kommunale bustadtomter, er her også private aktørar som står for utbygging og salg av tomter, sjå finn.no: Bustad til sals Tomter til sals Bustad til leige Sykkylven kommune har ikkje eigne bustadar til utleige. Dersom du leiter etter plass å bu kan du følge med på det som blir lagt ut på finn.no, i lokalavisa vår NYSS, eller på facebookgrupper som for eksempel "Kjøp-salg-leige av hus/leiligheter i Sykkylven" Kultur, idrett og friluftsliv I Sykkylven har vi mange ulike kultur- idrett og friluftsliv tilbod. Du finn meir informasjon her Kulturskulen har eiga nettside - sjå sykkylvenkulturskule.no Sykkylven kino finn du her. Flyttemelding Flyttemelding sender du inn elektronisk på skatteetaten.no. Meld flytting Eigedomsgebyr Vatn og avløp Sykkylven Energi drifter vatn og avløp i Sykkylven kommune. Kommunale gebyr og gebyrsatsar finn du her. Kommunale gebyr vert utsendt to gonger årleg i mars og september. Eigedomsskatt Regelverk, klage og anna informasjon om eigedomsskatt finn du her. Dersom du har fleire spørsmål, ta gjerne kontakt med oss på servicetorget:Tlf: 70 24 65 00. Opent kvardagar frå kl. 10.00 - 14.00E-post: servicetorget@sykkylven.kommune.no.Servicetorget er opent frå kl. 10.00 - 14.00. Adresse: Kyrkjevegen 62.