Aktuelt

26.08.2022 10.50

Eigedomsskatt

Informasjon om taksering

Det skal fastsettast eigedomsskattetakstar for nyare fritidseigedommar i Sykkkylven kommune i perioden 30.01.2022 - 06.02.2022.

Takstane bygg på faktaopplysningar som er registrert i eigedomsregisteret matrikkelen, og skjønnsmessige vurderingar av eigedommen.

Som ein del av grunnlaget for den skjønnsmessige vurderinga, vil det bli foretatt utvendig besiktigelse av eigedommane med tilhøyrande bygningar. Besiktigerane vil sjekke faktaopplysningane, eventuelt måle og registrere manglande opplysningar. I tillegg vil dei ta bilder av bygg og dokumentere forhold som påverker verdifastsettinga.

Det er selskapet Verditakst AS som gjennomfører verditakseringa.

Dersom du ønsker å melde inn relevante opplysningar mtp. eigedomsskattetakseringa, gjer dette til post@verditakst.no