Bli fritidskontakt (støttekontakt)

Sykkylven kommune har til ei kvar tid behov for fleire støttekontakter til ulike oppdrag. Vil du gjere noko meiningsfullt for andre? Har du moglegheit og kapasitet til ein ekstrajobb nokre timar i veka? Då kan støttekontakt/fritidskontakt vere noko for deg. 

Kva er ein støttekontakt? 

Som støttekontakt bidreg du til å hjelpe personar med behov til å ha ei aktiv og meiningsfull fritid. Det kan vere alt frå å gå tur, spele spel, dra på kino eller berre ta ein kopp kaffi saman. 

Våre tenestemottakarar er barn, ungdom, vaksne og eldre med ulike interesser og ulike behov for tilrettelegging. Vi har derfor behov for støttekontaktar av begge kjønn, i ulike aldrar og med ulike interesser. 

Kven kan bli støttekontakt?

Du treng ikkje ha ei spesiell utdanning - det viktigaste er at du er ein trygg og påliteleg person som har lyst til å vere der for andre. Det kan vere ein fordel med erfaring frå arbeid med mennesker. 

Slik søker du 

Vi har ulike stillingsutlysingar ute no. Desse finn du i Webcruiter. Der kan du også lese meir om dei ulike oppdraga og søke på det som passar best for deg.