Avlastingsopphald

Avlasting er eit tilbod til deg som har omfattande omsorgsoppgåve. Formålet med tenesta er å gi pårørande naudsynt ferie og fritid slik at den som treng omsorg kan bu heime så lenge som mogleg.

Kven kan søke?

For å søke om avlastingsopphald må du: 

  • vere pårørande som dagleg yt omfattande og særleg tyngande omsorgsarbeid 
  • ha behov for avlasting

Slik søker du 

Det er i utgangspunktet den som yt omsorg som søker om denne tenesta, men den som treng hjelp må sjølv ønske avlastingsopphald. Søknad blir registrert på den som treng omsorg. 

Dersom du skal planlegge ferie eller på ein anna måte er avhengig av avlasting i eit bestemt tidsrom, bør det søkast i god tid.