Langtidsopphald

Langtidsopphald er eit tilbod til deg som har eit varig behov for pleie og omsorg gjennom heile døgnet. Behovet er omfattande og kan ikkje dekkast av heimesjukepleie i eigen heim eller i omsorgsbustad utan heildøgns omsorg.

Kven kan søke? 

Dei som ikkje meistrar å bu i eigen heim på grunn av omfattande pleie- og omsorgsbehov gjennom heile døgnet kan søke:

  • Hjelpebehovet og funksjonstapet må vere varig 
  • Andre aktuelle hjelpetiltak må vere vurdert og/eller prøvd ut. Det kan vere til dømes heimesjukepleie, praktisk bistand, tryggleiksalarm og tilrettelegging av bustad. 

Dersom det blir innvilga langtidsopphald og det ikkje er ledig plass, blir du satt på venteliste. 

Slik søker du 

Det er felles søknadsskjema for alle helse- og omsorgstenester i Sykkylven kommune.