Dette kan du få hjelp med
Tenesta blir tilpassa den enkelte sitt behov og blir vurdert i eit tverrfagleg team. Du kan få hjelp til:
- Kartlegging av hjelpebehov og tilpassa oppfølging
- Samtalar, rettleiing og informasjon
- Motivasjons- og bevisstgjeringssamtalar
- Henvising til spesialisthelsetenesta ved behov (til dømes rusbehandling, DPS)
- Oppfølging før, under og etter institusjonsopphald
- Ettervernsgruppe
- Bustadtiltak
- Individuell plan
- Miljøterapeutiske tiltak
- Heimebesøk
- Søknad om legemiddelassistert rehabilitering (LAR)
- Råd og støtte til pårørande
Kven kan få tilbodet?
Tilbodet gjeld for:
- Personar som bur eller oppheld seg i Sykkylven kommune og har behov for hjelp knytt til rus og/eller psykisk helse
- Pårørande som treng støtte og rettleiing
Korleis få tilbodet?
Du kan få hjelp ved henvising frå fastlegen din, eller søknad direkte til Rus-og Psykisk Helseteam.
Søknadsskjema. (DOC, 58 kB)
Dersom du treng hjelp til å fylle ut skjemaet eller ønsker råd om kva teneste du bør søke på, kan du kontakte fagleiar i teamet.
Tenesta er gratis.
Kva skjer etterpå?
Søknadar og henvisingar blir vurdert i tverrfaglege møter kvar torsdag. Teamet består av psykolog, klinisk sosionom, vernepleiar, spesialsjukepleiar og sjukepleiar.
Du får skriftleg svar med vedtak innan 3 veker.
Klage
Dersom du ikkje får innvilga søknaden, kan du klage. Informasjon om klagefristar og rettar følger med vedtaket.
Klagefristen er 4 veker. Klaga blir behandla av kommunen, og eventuelt sendt vidare til Statsforvaltaren.
Vedtak kan påklagast. Nærare informasjon om vilkår for klage vert sendt ut saman med vedtaket frå kommunen. Dersom du får medhald i ei formell klage på sakshandsaming, omfang av tenesta, eller kvaliteten på den tenesta du har motteke, blir klagen teke til fylgje gjennom eit nytt vedtak.
Lover og reglar