Kva er omstillingsprogrammet?
Omstillingsprogrammet er eit ekstraordinært utviklingsarbeid som kjem i tillegg til det ordinære næringsarbeidet i kommunen. Programmet blir gjennomført i tett samarbeid med Sykkylven Næringsutvikling (SNU), som står for den daglege næringsutviklinga.
Omstillingsprogrammet er eigd av Sykkylven kommune og har eit eige omstillingsstyre med representantar frå både kommunen og næringslivet. Styret har ansvar for strategi og handlingsplan, medan programleiar er tilsett i kommunen og har ansvar for å gjennomføre aktivitetane. Omstillingsstyret rapportera til kommunestyret.
Kva kan du få støtte til?
Bedrifter, organisasjonar eller privatpersonar som ønsker å starte eller utvikle bedrift i Sykkylven, kan søke om økonomisk bistand frå omstillingsprogrammet.
Omstillingsprogrammet har ein eigen strategi og årlege handlingsplanar. Midlane skal brukast til tiltak som fell inn under desse innsatsområda:
- Skaparglede i næringslivet
- Opplevingsnæringar
- Samarbeid og nettverk
- Attraktive Sykkylven
Omstillingsmidla kan hovudsakleg brukast til forstudie og forprosjekt. Eksempelvis kan følgande prosjekt støttast:
- Utviklingsprosjekt i eksisterande bedrifter
- Utarbeide forretningsplan
- Marknadskartlegging
- Nettverksbygging mellom bedrifter
Slik går du vidare
Vil du vite meir om omstillingsprogrammet, eller har du eit prosjekt du vil diskutere? Du kan lese meir om omstillingsprogrammet på skaparglede.no
Kontaktperson Omstillingsprogrammet