Resultat frå innbyggarundersøkingI 2025 gjennomførte Sykkylven kommune ei innbyggarundersøking for å samle informasjon om innbyggarane si endringsvilje og haldningar til klima og miljø. Resultata skal brukast i kommunen sitt arbeid med klima og miljø, inklusive klima- og energiplanen 2025 - 2037. Publisert 24.04.2025 10.36 Sist endra 24.04.2025 10.36 Resultat frå undersøkingaUndersøkinga var delt i to delar. I del 1 skulle innbyggarane vurdere kor einig dei var i ulike utsagn knytt til temaet. Del 2 handla om endringsviljen til innbyggarane. Kort oppsummeringInnbyggarane i Sykkylven er i hovudsak positive til klimatiltak. Dei fleste ønsker ikkje naturinngrep. Dei fleste meiner det er viktig at både kommune, næringsliv og enkeltpersonar bidreg til å redusere klimagassutslepp. Mange vil redusere forbruk og matsvinn, kjøpe meir lokal mat og handle brukt. Færre er villige til å endre reisevaner og kosthald for å redusere klimagassutslepp. Vil du lese meir om undersøkinga og sjå fullstendig resultat kan du gjere det: Resultat frå innbyggarundersøking klima og miljø (PDF, 2 MB)